Hopp til innhold

Kvinne funnen død i vasskanten

Ei kvinne som stemmer med signalementet til den sakna kvinna i Førde, er funnen i fjorden ved Hornnes i Førde.

Leiteaksjon i Førde

SØK: Her ser vi båten til Røde Kors søke i elva Jølstra.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Kl 13.42 vart det meldt om funn av ein død person i Førdefjorden ved Hornnes. Den omkomne vart funnen av leitemannskap og er identifisert til å vere den sakna Jorun Molnes, som politiet, Røde Kors, Sivilforsvaret og Norske Redningshunder har søkt etter sidan fredag kveld, skriv politiet på Twitter.

– Kvinna låg i vasskanten og var livlaus, seier operasjonsleiar Hans-Eirik Thue i Vest politidistrikt.

Dei pårørande er varsla om funnet av den sakna kvinna.

Kom ikkje heim

Kvinna vart meldt sakna då ho ikkje kom tilbake til omsorgsbustaden til avtalt tid fredag kveld. Sidan då har det vorte gjort søk etter kvinna i store delar av Førde sentrum.

– I dag har vi gjort strandsøk med både båtar og folk. Kvinna blei funnen då søket blei utvida, seier Thue.

Redningshunden Indi

LEITEAKSJON: Hunden Indi frå Norske Redningshunder har vore med i søket etter den omkomne kvinna.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Fann paraplyen først

Operasjonsleiar Hans-Eirik Thue fortel at dei gjorde eit funn i natt som har leia dei vidare til funnet i dag.

– Paraplyen som vi veit kvinna hadde med seg, vart funnen i elva i natt. Derfor frykta vi at ho kunne ha hamna i elva, seier Thue.

Han fortel at dei har halde trykket oppe gjennom dagen både med søk i elva og med søk andre stadar i håp om at ho kunne vere i live.

Ho kunne ha vore inne ei bygning ein stad, men dessverre fann vi ho død, seier Thue.

Kvinna vert no sendt til obduksjon ved Gades Institutt i Bergen for å finna dødsårsaka.

– Vidare etterforsking vil vise meir om korleis dødsfallet har skjedd, seier Thue.

Sakna Jorunn Molnes

Politiet gjekk laurdag kveld ut med dette overvakingsbiletet som blei tatt av kvinna på handelshuset Elvetorget fredag klokka 16:28.

Roser leitemannskapet

I ettermiddag vert det gjort ein debrief med leitemannskapet, før leiteaksjonen vert avslutta. Thue seier at mange har stått på for å finne den sakna kvinna.

– Eg vil gi ros til alle dei frivillige og vårt eige mannskap som har stått på heile helga. Det har vore gjort eit omfattande søk, og mykje godt arbeid har vore lagt ned. Dessverre så blei kvinna funnen omkomen, og det er trist for dei pårørande, seier Thue.