Hopp til innhold

15-åring skadd under alpintrening - sendt til Ullevål med hovudskade

Ein 15-år gammal gut frå Jølster blei i dag skadd samband med alpintrening i Hafjell.

Mange folk i bakken i Hafjell jula 2014

UNG ALPINIST SKADD: Arkivbilete frå alpinbakken i Hafjell.

Foto: Kristina Skamsar / NRK

Det stadfestar administrasjonssjef i Sogn og Fjordane Skikrins, Yngve Thorsen.

– Uhellet skjedde i morgontimane i dag i samband med trening i super-G.

Thorsen kan førebels ikkje seie noko om kor alvorleg skadd guten er. Alpinisten er frakta til Ullevål universitetssjukehus i Oslo.

Yngve Thorsen

SKIULUKKE: Yngve Thorsen er administrasjonssjef i Sogn og Fjordane skikrins.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Det eg kan seie er at han er send med luftambulanse.

Kommunikasjonsvakta ved sjukehuset seier i 13-tida at det er for tidleg å seie noko om kor alvorleg skade det er tale om.

Har fått hovudskade

Rune Espe som har ansvaret for legge til rette treninga i bakken seier uhellet skjedd i samband med passering av ein port.

– Der miste han balansen og fall, han har fått ein skade i hovudet, men eg kan ikkje seie noko om kor alvorleg skadd han er. Heldigvis hadde vi ein lege med i bakken som sette i gang behandling på staden til han vart henta av ambulanse.

60 utøvarar frå Sogn og Fjordane er denne helga på alpintrening i Hafjell i regi av Sogn og Fjordane skikrins. Espe seier ulukka sjølvsagt pregar dei andre utøvarane.

– Det er klart dei snakkar om det, og så får vi vaksne som er med informere meir når vi får vite meir om korleis det går.

Få skadar

Odd Stensrud som er dagleg leiar i Hafjell og Kvitfjell kan heller ikkje seie noko om korleis det går med guten.

– Med tanke på kor mykje folk som er i bakkane, har vi ikkje hatt mange ulukker så langt i sesongen.

Han seier at om lag 6000 personar i desse dagar er i bakkane i Hafjell.