Hopp til innhold

Siste Sogndal-sesong for Udjus

Målvakt Kenneth Udjus trur ikkje han spelar for Sogndal neste sesong.

Kenneth Udjus
Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

Sist veke takka Udjus nei til eit tilbod frå Rosenborg, men kontrakten hans går ut i haust, og sørlendingen trur han forlet klubben.

– Eg har sagt at eg ynskjer meg til ein større klubb. Vi får sjå når det nærmar seg slutten av segsongen, så får eg ta ei avgjerd.

Men Udjus ynskjer å fullføre sesongen i Sogndal.

– Det må vere noko heilt spesielt dersom eg reiser før sesongen er slutt.

Sogn Avis skriv i dag at Ahyee Ahyee Elvis ikkje får forlenga kontrakten med Sogndal.

Ahyee Aye Elvis og Rudolph Austin

FERDIG I SOGNDAL: Ahyee Ahyee Elvis (her i duell med Rudolph Austin) får ikkje forlenga kontrakten sin.

Foto: Rune Fossum / NRK