Siste salve i Stedjeberget

Klokka 15 tysdag ettermiddag gjekk siste salva i tunnelen gjennom rasutsette Stedjeberget riksveg 55 i Sogndal.

Siste salve i Stedjeberget.
Foto: Arne Eithun / NRK

Regionvegsjef Ole Christian Torpp tende lunta som markerer at pendlarstrekninga mellom Sogndal og Leikanger snart skal bli tryggare for bilistane.

Tunnelen i Stedjeberget.
Foto: Arne Eithun / NRK

To månader før tida

Det var ein godt nøgd regionvegsjef som etterpå haldt tale for tunnelarbeiderane.

For går alt etter planen står tunnelen ferdig i mars neste år. Det er to månader tidlegare enn først planlagd.

Leiaråtferda til viseadministrerande direktør Vidar Vie i Helse Førde kan ha vore til hinder for eit forsvarleg arbeidsmiljø for ein varslar i føretaket. Det gjer at styret må ta grep.
Leiv Thomas Faulkner måtte bli bråvaksen då han som 19-åring fekk beskjeden om at farsarven var brent ned og at alle eigedelane var vekk.