NRK Meny
Normal

Siste omnen slått av

Like før klokka åtte måndag vart den siste omnen i C-hallen ved metallverket i Høyanger slått av.

C-hallen i Høyanger.
Foto: MMS-foto: Torbjørn Fardal / NRK

Dermed er det slutt på aluminiumproduksjon med den gamle og ureinande Søderberg-teknologien i Høyanger. 90 personar mista jobben då den eldste elektrolysehallen vart stengd måndag.

Stemninga blant dei tilsette i morgontimane var prega av at ein epoke no er over.

- Vi har brukt søderberg-teknologien i snart 70 år her i Høyanger, og i C-hallen frå 1958. Det er klart det er vemodig, men teknologien er forelda. Når vi går i hallen i dag så ser vi jo at det er miljøet som gjer at vi må stengje, seier  Karl Magnus Gudvangen ved nærings- og industriparken.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå