Hopp til innhold

Siste forsøk på å redde huset

Vikenhusets Vener gjer no eit siste desperat forsøk på å berge Vikenhuset, med eit brev til Riksantikvaren.

Det 80 år gamle Vikenhuset på Skei i Jølster er blitt ei betent sak mellom fortidsminneforeininga og kommunen.

SJÅ TV-SAK: Frå Vestlandsrevyen 30.06.2014. Nokre månadar seinare, i starten av oktober, gjer Vikenhusets Vener no eit siste forsøk på å berge huset.

– Ja, dette er eit siste forsøk, seier Jarle Helgheim i Vikenhusets vener til NRK.

Det vart bygd i 1932. Det har vore planar om riving av Vikenhuset, som står rett framfor kommunehuset på Skei, heilt sidan sistnemnde vart bygd på midten av 70-talet. Første rivingsvedtak i den omstridde saka vart gjort i 1998, men aldri sett i verk.

Førre behandling var i kommunestyret denne veka, fortel Helgheim. Der tok enkelte til orde for utsetting, men fleirtalet står fast på riving.

– Vi er redde for at riving no kan skje fort, seier Helgheim

Støtte av fortidsminneforeininga

I brevet til Riksantikvaren skriv Vikenhusets Vener at dei er redde riving kan skje allereie neste veke. Dei skriv og at Riksantikvaren tidlegare fleire gonger har oppmoda Jølster kommune om å ta vare på huset.

I kampen gjennom åra har Vikenhusets Vener fått støtte frå Fortidsminneforeininga, både den lokale og seinare den sentrale delen av foreininga.

– Vi og fortidsminneforeininga ønskjer å diskutere saka med Riksantikvaren i eit møte. Vi vil be om ei mellombels freding etter Kulturminnelova, seier Helgheim.

– Forplikta til å stå løpet ut

Leif Kahrs Jæger, som er styreleiar i Fortidsminneforeininga, har tidlegare sagt til NRK at treverket, dørene og den spesielle målemåten er intakt på Vikenhuset. Fortidsminneforeininga har tilbydd seg å ta over eigarskapet og pussa opp huset.

– Det er tett tak, luftig kjellar, og her er ingen setningsskadar eller roteskadar. Det er ein veldig høg grad av autentisitet og i forbausande bra stand, sa Kahrs Jæger.

Ordførar Oddmund Klakegg (Sp) har sagt til NRK at kommunen har gjort fleire forsøk på å ta huset i bruk eller lyse det ut for sal.

I brevet til Riksantikvaren skriv Vikenhusets Vener at dei har vore i kontakt med Klima- og Miljøverndepartementet, som bad husets vener om å leggje press på Riksantikvaren om mellombels freding.

Helgheim vil ikkje gje opp.

– Vi representerer mange som ønskjer at huset skal stå. Vi gir oss ikkje endå. Vi er forplikta til å stå løpet ut, seier han.