NRK Meny
Normal

Siste forsøk på å finne Charlotte

To svenske likhundar er venta til Årdal i det som kan bli siste forsøket på å finne Charlotte Moene.

Dykkarar søker i Årdalsvatnet.
Foto: MMS-foto: Heidi Fagna / NRK

17-åringen har vore sakna sidan i 9. juli og det har vore brukt store ressursar på å finne henne.

- Vi kan ikkje leite med miniubåt på måfå lenger. No tek både pengar og idear snart slutt, seier Helge Rørvik, som er koordinator for den private leiteaksjonen.

Forsvann i juli

Tre månadar etter at Charlotte Moene forsvann vert det framleis leita etter 17-åringen i Årdal. Den offentlege leiteaksjonen vart avslutta i august. Men bygdefolket samla inn fleire hundre tusen kroner som har halde leitearbdeidet i gang. Blanta anna har det vore drive overflatesøk på Årdalsvatnet kvar kveld, i tillegg har det vore brukt ein miniubåt og dykkarar.

Avhengige av bra ver

Rørvik seier dei no hentar likhundar frå Sverige i det som kan bli det siste forsøket på å finne jenta.

- Dei kjem neste veke under føresetnad av at verprognosane er bra. Dei nyttar små båtar og er avhengige av stabilt ver for å kunne leite. Viss hundane markerer må vi ha ein miniubåt som kan gå ned og sjekke. Då snakkar vi om 60.000 kroner døgnet.

Minkar på pengane

Men no er også 700.000 innsamla kronene byrja å ta slutt. 

- Vi har rundt 200.000 kroner igjen, men vi har vi prøvd alt frå synske til dykkarar og miniubåt.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.