Hopp til innhold

100 år lang skuleepoke over

Etter 137 år med skulehistorie var det i dag slutt for Luster vidaregåande skule. – Dei gode verdiane kjem til å bli vidareført med alle som no er ferdige her, er meldinga frå både rektorar og ordførar.

Siste dag for Luster VGS

SJÅ VIDEO: I dag takka dei tilsette ved Luster vidaregåande skule for seg. Rektor Kenth-Rune Måren seier det er ein vemodig dag. (Foto: Halvor Farsund Storvik/NRK Redigering: Sondre Dalaker/NRK)

Kenth-Rune Måren

REKTOR: Kenth-Rune Måren.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Eg vil ikkje seia det er ein trist dag, men ein dag med litt vemod og ettertanke. Me avsluttar her på Munthehuset ein 137 år lang historie, så sjølvsagt er det mange kjensler knytt til det, seier rektor Kenth-Rune Måren.

– Kvalitetane vil leva vidare

Luster vidaregåande skule var ein av skulane som vart ofra då Sogn og Fjordane fylkeskommune skulle kutta i talet på vidaregåande skular. Det som i si tid var ein av dei første husmorskulane i landet.

Rektoren håpar at verdiane i skulen blir vidareført, sjølv om skulen no er historie.

– Det me har jobba med i heile år er å sikra at dei kvalitetane me har hatt her ved skulen blir vidareført på nye arbeidsplassar. Den elevoppfølginga, det elevsynet, og det tette elevarbeidet, det følgjer med dei medarbeidarane som har jobba her. Det er eg sikker på at blir med vidare, seier Måren.

I dag var dei tilsette ved skulen samla i Munthehuset for ei siste samling. Der var også ordførar Ivar Kvalen.

– Dette betyr først og fremst at me mistar ein av dei største arbeidsplassane me har hatt i kommunen, 45–50 tilsette blir no flytta. Det er nok ikkje tvil om at Luster vidaregåande skule har vore eit godt læremiljø både for lustraelevar og elevar i Indre Sogn. Det er ein vemodig dag, seier Kvalen.

Tidl husmorskule på Hafslo, no del av Luster v.g. skule

NO ER DET SLUTT: Dette har vore Luster vidaregåande skule sidan 1958, men til hausten er det ingen elevar her.

Foto: Kjell Arvid Stølen

Då skulen skulle flyttast ut av Munthehuset kunne det faktisk enda opp på det som i dag er garden til ordføraren. Men i staden for enda den opp i Hafslo sentrum, der den står i dag.

– Eg veit ikkje kvifor det ikkje vart noko av, men for meg, som er jordbrukar og likar å ha gras å slå, så var det ei heilt grei avgjerd, ler Kvalen.

«Nordre Bergenhus Amt praktiske jenteskule»

Då skulen starta i 1877 heitte den Nordre Bergenhus Amt praktiske jenteskule, som var den første offentlege jenteskulen i Norge, og låg i Holmedal. I 1897 kom den til Kroken og der vart den verande til 1956. To år seinare vart dagens skule opna på Hafslo

Ytre Kroken i Luster - husmorskule

Sogn og Fjordane Husmorskule i Ytre Kroken.

Foto: Eikenæs

– Det var ein skule for kvinner som skulle jobba på gard og i småbrukarfamilien. Dei lærte fjøsstell, hagestell og husarbeid, og også mykje teorifag og «danning», seier tidlegare rektor Per Jørgen Loen.

– Det har vore ein skule for si tid i alle desse åra. Frå å vera ein jenteskule og husstellskule vart det etter kvart ein vidaregåande skule der også gutar kunne gå. Den har på mange måtar vore eit kompetansesenter i kommunen, i alle fall i dei seinare år.

– Eg tenkjer at skulen har klart å vidareføra sine verdiar på mange stader, og det som har med verdiane å gjera er meir knytt til menneske enn bygg, og kan faktisk vidareførast til ein ny skule, seier Loen.

Til Sogndal

Mange av lærarane og linjene for Helse og oppvekst og Restaurant og matfag skal no halda fram i Sogndal. Rektor ved Sogndal vidaregåande skule, Marta Sofie Vange, seier dei er klare til å ta i mot stafettpinnen.

– Me har førebudd dette i heile vår, så eg trur dette ska gå bra. Eg er glad for at me for behalda i alle fall to av programområda i regionen vår, slik at ungdomen i Sogn får gå på skule i heimområde.

– Det er spesielt å ta over stafettpinnen frå ein skule med så lang historie, men me er innstilte på å ta godt i mot alle som kjem til oss, og dei skal få nytta alle dei gode eigenskapane dei har når dei kjem til oss, seier Vange.

Siste dag for «MoJo» i går

I går var det også slutt for ein annan vidaregåande skule: Mo og Jølster.

Etter 69 år med vidaregåande skule på Jølster, er det no slutt. Difor var det skipa til ein avskjedsfest utanom det vanlege då elevane kom til «siste flight». Torsdag 19. juni skriv seg inn i historiebøkene som den siste for skulen på Vassenden. Med kraftig reduksjon i elevtalet dei kommande åra, måtte fylkeskommunen sjå på skulestrukturen. For den tidlegare heimeyrkesskulen, som også tidlegare har vore nedleggingstruga, vart det kroken på døra.

Tryggleissjekk siste skuledag på Jølster.

SISTE FLIGHT: Elevane måtte gjennom tryggleikskontrollen før dei fekk ta steget frå skulen på Vassenden.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK