Hopp til innhold

Siste asylmottaket i fylket blir lagt ned – KrF varslar kamp i Stortinget

To veker før valet i fjor greip regjeringa inn og berga Solbakken asylmottak i Florø. Seinare oppheva regjeringa sine eigen instruks, og no blir det siste mottaket i fylket lagt ned.

Tore Storehaug (KrF)

KRITISK: Stortingsrepresentant Tore Storehaug (KrF) etterlyser grunngjeving for nedleggingsvedtaket.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

No varslar KrF at dei tek kampen for å behalde det siste asylmottaket i fylket.

– Eg har spurt ministeren om kva som er bakgrunnen for at Solbakken asylmottak vert lagt ned, seier stortingsrepresentant Tore Storehaug (KrF)

Då UDI i gjorde eit tilsvarande vedtak for eit halvt år sidan gjorde Justisdepartementet om på vedtaket fordi Flora vart ein spesiell situasjon.

– Eg har utfordra ministeren på kva det er som no har endra seg sidan den gong, seier Storehaug.

Faksimile av brev

HAR SNUDD: Berre månader etter at regjeringa greip inn og stogga nedlegging av Solbakken asylmottak i Florø, har dei no snudd.

Foto: NRK

Etterlyser grunngjeving

Heller ikkje ordføraren i Flora klarar å sjå kva som har endra seg sidan regjeringa før valet i fjor haust greip inn og stogga den då planlagde nedlegginga av det kommunale mottaket i Florø.

Ola Teigen

SKUFFA: Ola Teigen (Ap) er ordførar i Flora.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Før valet grunngav regjeringa vedtaket med at det hadde vore så mange negative endringar i Flora, seier ordfrørar Ola Teigen (Ap).

I fjor haust grunngav statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet Vidar Brein-Karlsen (Frp) avgjerda med at det var ein spesiell situasjon i Flora kommune som hadde opplevde å miste mange arbeidsplassar.

–Så vidt eg kan sjå så har det ikkje kome nye arbeidsplassar til etter det. Det hadde vore spanande å fått høyre kva dei legg vekt på denne gongen. Så langt glimrar grunngjevinga med sitt fråvær, seier Teigen.

Færre flyktningar

I justisdepartementet forklarar statssekretær Torkil Åmland (Frp) vedtaket med at det no rett og slett kjem så få asylsøkjarar til landet.

Torkil Åmland

FÆRRE FLYKTNINGAR: Torkil Åmland (Frp) ER STATSEKRETØR I

Foto: NRK

I valkampen i fjor gjekk mellom anna Høgre hardt ut og sa at dei hadde fått gjennomslag for å snu vedtaket, etter at UDI først bestemte at Solbakken skulle leggast ned i fjor sommar.

– Prognosane den gong var at det skulle kome 6000, seinare vart det justert ned til 3000. Det betyr at behovet for mottaksplassar er atskilleg mindre, og vi er nøydde til å justere ned på ein heilt anna måte enn vi hadde planlagt tidlegare, seier Åmland.

Negativt for Sogn og Fjordane

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) meiner at når talet på asylsøkarar går så kraftig ned, så skuldast det den restriktive flyktningpolitikken til regjeringa.

Jenny Følling

NEGATIVT: Jenny Følling (Sp) er fylkesordførar i Sogn og Fjordane.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det er ikkje bra at ein har stramma inn så mykje som ein har gjort no, seier Følling.

Ho meiner at dette slår særleg negativt ut for utkantfylke som Sogn og Fjordane, sidan innvandring har vore ein viktig bidragsytar til folketalsvekst her i fylket dei siste ti åra.

– Vi går ned i folketal. Det har med fødselstal å gjere, men og med innvandring. Vi har den lågaste folketalsveksten på mange, mange år, og det har med den restriktive asylpolitikken å gjere, seier Følling.