NRK Meny
Normal

Sist sett på utestad – der sluttar spora

VIK (NRK): Det har kome inn svært få tips og observasjonar etter at ei kvinne i 40-åra frå Hordaland vart meldt sakna i Vik tidlegare i ettermiddag.

Lensmann i Vik, Ove Andersen

BER OM HJELP: Lensmann i Vik, Ove Andersen, ber folk i bygda om å sjekka eigedomane sine etter spor.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Leitemannskapa har no avslutta søket, men vil byrje på igjen i morgon. I kveld skal politiet avhøyre personar som var ute natt til laurdag og som kan ha opplysningar om den sakna kvinna.

– Det er heilt uråd å seia kva som har skjedd. Me har ikkje grunnlag til å mistenke noko kriminelt, men me held alle moglegheiter opne, seier lensmann i Vik, Ove Andersen til NRK.no klokka kvart over åtte.

Eit Seaking-helikopter har blitt sett inn i søket etter kvinna som er meldt sakna i Vik.

OMFATTANDE LEITEAKSJON: Minst førti personar var i dag med på å leite etter den sakna kvinna. Det vart søkt både på land, i elva, i fjorden og frå lufta, utan resultat.

Ber om hjelp frå publikum

Lensmannen oppmodar folk i bygda om å leita gjennom eigedomane sine etter spor.

Her vart ho sist sett

SISTE SPOR: Kvinna vart sist sett på utestaden Dampen i Vik sentrum klokka to i natt.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det hadde vore fint om folk kan gå gjennom garasjane sine, kjellarane og uthus, for å få sjekka opp om det ikkje kan vere noko i dei områda, seier han.

Han seier leitemannskapa i morgon vil gå i gang med nye søk i eit utvida område.

– I dag har me hatt hovudfokus på Vik sentrum der ho sist vart sett. I morgon vil vi gå lenger utover langs strendene, mot Arnafjorden i Vangsnes og oppover i dalane, seier Andersen.

Stor leiteaksjon utan resultat

Kvinna vart sist sett ved ein utestad i Vik sentrum kring klokka 0200 natt til laurdag. Både den sakna kvinna og mannen hennar er frå Hordaland og er i Vik på gjennomreise.

Ho vart meldt sakna i dag føremiddag klokka to, etter at mannen hennar hadde leita utan hell i fire timar saman med frivillige. Politiet opplyser at kvinna hadde på seg grå jakke og grå bukse.

Store leitemannskap frå Raude Kors, politiet, Norske redningshundar, eit Seaking-helikopter, spesialdykkarar og frivillige har leita utan spor i heile dag.