Hopp til innhold

Sist det skjedde var i 1998

Då Norge møtte Sverige i går kveld var det tre frå Sogn og Fjordane på bana samstundes. Det har ikkje skjedd på A-landslaget i fotball sidan 1998.

Privatlandskamp i fotball mellom Norge-Sverige

TO AV TRE FRÅ START: Per-Egil Flo (14) og Even Hovland (3) var med i startellevaren mot Sverige.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Då Gustav Valsvik vart bytt inn etter pausen var tre av dei fire i forsvarsrekkja til Norge frå Sogn og Fjordane. Per-Egil Flo frå Stryn var venstreback, medan Even Hovland frå Vadheim og Valsvik frå Vik utgjorde midtforsvaret.

Gustav Valsvik - Norge-Sverige

KOM INN: Gustav Valsvik (t.h.) kom inn etter pause, og fekk spele saman med Flo og Hovland.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Sist det skjedde var i 1998

Sist det var tre spelarar frå Sogn og Fjordane samstundes på eit norsk A-landslag i fotball var 19. august 1998. I ein treningskamp mot Romania som enda 0–0 stod Frode Grodås frå Hornindal i mål, medan stryningane Håvard og Tore André Flo også var i startellevaren.

Til overmål kom Jostein Flo inn på bana då syskenbarnet Håvard vart bytt ut. Og dei fleste hugsar nok VM-kampane i Frankrike i juni same året mot Brasil (2–1) og Italia (0-1). Då var både Frode Grodås, Håvard og Tore André Flo i startoppstillinga, medan Jostein Flo fekk spele dei siste 12 minutta, etter at Håvard var bytt ut..

Tore Andre Flo scorar mot Brasil

19 ÅR SIDAN: Tore André Flo har nett fyrt av skotet som gav 1–1 mot Brasil 23. juni 1998. Med på laget hadde han Frode Grodås og Håvard Flo.

Hovland får skuld for baklengsmål

Men det er mykje som tyder på at det neppe blir tre frå Sogn og Fjordane i startoppstillingane til Lars Lagerbäck når det dreg seg til med viktigare kampar enn treningskampen mot Sverige.

Berre Valsvik var innpå i VM-kvalifiseringskampen mot Tsjekkia. Og sjølv om Even Hovland hadde kapteinsbindet i andre omgang i går kan mykje tyde på at han må stille i køen i kampen om plass i midtforsvaret.

Han får i avisene mykje av skulda for baklengsmålet i 1-1-kampen mot Sverige, og han fekk også mykje kritikk for det eine baklengsmålet i VM-kvalifiseringskampen mot Nord-Irland 26. mars.

– Valsvik nærast

Jon Navarsete

– EINGONGSTILFELLE: Jon Navarsete trur ikkje på tre frå Sogn og Fjordane i avgjerande kampar framover.

Foto: Arve Uglum / NRK

Fotballeksperten til NRK Sogn og Fjordane, Jon Navarsete, trur at det kan bli ei stund til neste gong vi får sjå alle tre på bana samstundes, iallfall i teljande kampar.

– Slik eg ser det, er Gustav Valsvik den som er nærast ein plass i startellevaren i ein VM-kvalifiseringskamp. Han har hatt to gode landskampar, han er duellsterk og ein mann for framtida.

Navarsete trur kanskje Even Hovland kan kome tilbake til den posisjonen han hadde i landslaget, men at han akkurat no er eit stykke unna.

– Det er litt trist å sjå på Even no, han manglar den naturlege autoriteten han hadde tidlegare. Men får han seg ein klubb der han får spele fast, gjerne Sogndal, så trur eg han kjem att. Per-Egil Flo er og ein god spelar, men han har fleire gode konkurrentar på sin plass.

Har spelt saman før

Trioen Per-Egil Flo, Even Hovland og Gustav Valsvik har også spelt saman for Sogndal. Anders Sigdestad har funne denne lagoppstillinga frå ein cupkamp mot Fyllingen 12. mai 2011, ein kamp Sogndal vann 2–0.

Skjermdump av lagoppstilling

DEI TRE SAME SPELARANE: Per-Egil Flo, Even Hovland og Gustav Valsvik på dei same plassane for Sogndal i 2011 som i landskampen mot Sverige.