Hopp til innhold

Vil ikkje endre noko som helst på skulestrukturen

Samarbeidsforum i Sunnfjord (SIS) som består av ordførarane frå Naustdal, Gaular, Førde, Flora og Jølster, la fram si fråsegn om skulestrukturen i Sunnfjord fredag.

Samarbeidsforum i Sunnfjord

IKKJE ENDRE: Frå venstre: fylkesordførar Åshild Kjelsnes, medlemmene i SIS, Mathias Råheim (Gaular), Bengt Solheim Olsen (Flora), Olve Grotle (Førde) og Oddmund Klakegg (Jølster), Håkon Myrvang (Naustdal)

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

– Vi kan ikkje vere med på det som er i denne Norconsult-rapporten, at Sunnfjord-regionen kanskje skal få 200–270 færre elevplassar i framtida enn det er elevar. Det betyr at vi kanskje berre har ei elevdekning på 37–39 prosent, når vi kanskje har over 50 prosent av 15-åringane framover i tid, seier Håkon Myrvang som er leiar i SIS.

Han legg til at det som er viktig for dei å få fram er at ein nyttar dei skulebygga som ein har.

– Samt at elevane får bu heime, seier Myrvang.

Er midt i ein prosess

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes tok i mot fråsegna frå ordførarane.

– Eg tykkjer det er greitt at ordførarane tek i vare sine hovudpoeng. Det er deira jobb. Eg tek i mot mange innspel frå heile fylket og i denne fasen tek vi dei berre med oss vidare. Konsekvensutgreiingane er ikkje ferdige endå, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes.

Ho understrekar at ein skal sjå på alle argument.

– Eitt av utvalskriteriane vi la i botn er at det er eit ønske om at flest mogleg ungdommar skal kunne bu heime, seier Kjelsnes.

Er undrande til underdekking

SIS stiller seg sterkt undrande til at Norconsult sitt framlegg der det er ei underdekking på 200 elevplassar i Sunnfjord, i alle dei tre modellane.

Dei peikar på at dette samsvarar svært dårleg både med den relative delen 15-åringar for regionen som aukar til 52 prosent, og veksten som regionen opplever i dag.

Forumet har i sin uttale lagt vekt på fem punkt:

  • Sikre elevplassar i Sunnfjord
  • Vil ikkje leggje ned Mo og Jølster vgs. avdeling Jølster
  • Sikre breidda i Sunnfjord innan service og samferdsle, transport og logistikk
  • Sikre tilbod om idrettsfag ved Flora vidaregåande skule
  • Fylkesdekkjande anleggsmaskinlinje
  • Elevane i Sunnfjord skal kunne bu heime