Hopp til innhold

Siri vil ikkje godta at skulen blir lagt ned

– Eg forstår at politikarane i Vik er desperate etter å finne innsparingar. Men skulen i Fresvik er eit kjerneelement i bygda.

Siri Wølneberg Bøthun ved porten inn til Fresvik skule i VIk

STORT TAP FOR LOKALSAMFUNNET: Om skulen i bygda forsvinn, vil det få store konsekvensar for heile lokalsamfunnet, meiner Siri Wølneberg Bøthun som sjølv har ei dotter på Fresvik skule.

Foto: Privat

Det seier FAU-leiar Siri Wølneberg Bøthun ved Fresvik skule.

Barneskulen i bygda var avgjerande då ho og mannen for fem år sidan tok med seg dei tre barna sine og flytta frå Aurland til Vik. No står ho saman med resten av bygda i kampen om skulen.

Kommunen må spare millionar av kroner i året, og rådmannen har difor føreslått å leggje ned skulane i Fresvik og på Vangsnes.

– Skulen betyr mykje for optimismen i bygda, seier Wølneberg Bøthun.

Vil bruke tid på å bestemme seg

Akkurat no sit politikarar over heile landet og jobbar med kommunebudsjetta for neste år. For mange betyr det kutt og innsparingar, og i Vik har ordføraren innsett at den økonomiske situasjonen er dramatisk.

Då saka om skulenedlegging var oppe i kommunestyremøtet i går, bestemte politikarane seg for å bruke meir tid. Håpet er at dei kan spare nok på andre område til at dei kan spare skulane.

– For oss er det brennande viktig at politikarane vil bruke tid. Skulen er avgjerande når folk skal vurdere om dei vil busetje seg i bygda. Hadde det ikkje vore ein lokal skule her hadde ikkje eg og min familie flytta hit, seier Wølneberg Bøthun.

Fryktar politikarane skyt seg sjølv i foten

Trebarnsmora i Fresvik håpar politikarane klarar å ha fleire tankar i hovudet på same tid. Ho viser til utfordringa mange små kommunar har med folketalsnedgang, og trur ikkje det vil lokke fleire til Vik om grendeskular blir lagde ned.

– Ein prøver heile tida å jobbe mot folketalsnedgang, og då vil det å leggje ned skular verke i absolutt motsett retning.

Også i Vangsnes kjempar foreldra for skulen sin. Leiar i samarbeidsutvalet ved Vangsnes skule, Tommy Husebø, trur skulenedlegging fort kan ende opp som eit tapsprosjekt for kommunen.

– Dette er eit vanskeleg reknestykke, og eg forstår at ein del faktorar kan bli utelatne. Men dersom ingen etablerer seg i bygdene, så blir det ingen skatteinntekter for kommunen heller.

– Vi må stå saman

Husebø seier det har blitt tilrettelagt for fleire nye tomter på Vangsnes i seinare tid, men spår laber interesse om 1.-4.-skulen i bygda blir lagt ned.

– I dag er det fleire som er interesserte i å flytte til Vangsnes og stifte familie, men legg ein ned skulen, så vil interessa gå ned.

– No håpar eg vi kan stå saman, for vi er i same båt vi som har barn ved dei små skulane, seier Wølneberg Bøthun.