Hopp til innhold

Sir Alex vil hente Hovland til United

Alex Ferguson er imponert over Even Hovland, og vil hente han til England.

Alex Ferguson

Sir Alex Ferguson, manager i Manchester United er imponert over Even Hovland frå Vadheim. Ein engelsk nettstad meiner det berre er snakk om kort tid før Hovland spelar for raudtrøyene i England.

Foto: DARREN STAPLES / REUTERS

Det skriv nettstaden goal.com .

Imponerer sjefen

Even Hovland

Even Hovland frå Vadheim er ettertrakta i både Norge og England.

Foto: Rune Fossum/NRK
Sir Alex Ferguson

Sir Alex Ferguson er imponert over Hovland.

Foto: LLUIS GENE / AFP
Even Hovland

No spelar Hovland for Sogndal, og seier sjølv han ikkje tenkjer så mykje på United.

Foto: Sander Heggheim / NRK
Manchester Uniteds Wayne Rooney jubler for scoring

Even Hovland kan, om den engelske nettstaden har korrekt informasjon, kanskje snart juble med Manchester Uniteds Wayne Rooney.

Even Hovland i samtale med fotballagent Jim Solbakken

Fotballagent Jim Solbakken i samtale med Even Hovland.

Sir Alex Ferguson som er manager for Manchester United skal ha uttalt til ei kjelde nær Hovland at han var svært imponert over han, og at det var difor Hovland fekk kome tilbake til klubben for meir spel i januar i år.

Hovland vert samanlikna med Nemanja Vidic, ein midtstoppar som gjer det svært bra på fotballbana.

Fleire jaktar på Hovland

Den engelske nettstaden skriv at fleire toppklubbar i den engelske eliteserien jaktar på Hovland. Og at det fører til at Ferguson vil handle raskt for å få tak i fotballtalentet frå Vadheim.

Hovland sjølv har fått med seg kva nettstaden skriv om han, og ifølgje sognavis.no meiner han sjølv at dette berre er skriverier.

Har ikkje høyrt noko

- Eg har ikkje høyrt noko nytt sidan eg kom heim frå Manchester, og veit lite om kva som skjer frå den sida, seier han til avisa.

Han seier han berre har fokus på Sogndal og sesongoppkøyringa der.

- Dette tenkjer eg veldig lite på, seier Hovland.