Sinte naboar ringer politiet om støy

Politiet i Sogn og Fjordane reagerer på søndagsbråk.

plenklipp

GJER DU DETTE PÅ SUNDAGAR? Politiet i Sogn og Fjordane har fått mange sinte telefonar for folk som ikkje respekterer helgedagsfreden.

Foto: Illustrasjonsbilde: Colourbox.com

– Vi har fått mange klager der naboar reagerer på støy, seier operasjonsleiar ved Vest politidistrikt i Sogn og Fjordane, Per Rimmen.

Meldingane politiet har teke imot søndag, handlar stort sett om plenklipping og slåttearbeid.

Helgedagsfred

I 16-tida søndag har kring fem personar ringt politiet om bråkete naboar. Dei fleste er irriterte for at dei får helgedagen sin øydelagt av støyande aktivitetar, seier Rimmen.

– Folk må respektere helgedagsfreden. Mange tenkjer nok ikkje over at dei er pliktige til å ikkje arbeide slik at det er til sjenanse for andre på søndagar, men slik er det altså.

– Dårleg motteke

Politiet har reist ut til éin adresse etter klage om bråk, men fleire har fått ein telefon frå politiet, søndag.

– Det blir dårleg motteke. Forståeleg nok. Når ein står midt i slåtten eller er ferdig å klippe halve plenen, vil ein sjølvsagt gjere seg ferdig. Men vi har stoppa arbeid som følgje av klage, seier Rimmen.

Ingen personar er førebels melde til politiet.