Hopp til innhold

Sinte grunneigarar krev ny runde om erstatningar

UNDREDAL (NRK): Frustrerte grunneigarar rundt Nærøyfjorden kjenner seg urettferdig behandla av staten. Grunneigarane meiner informasjonen om erstatningane dei kunne søke på då verneområdet vart oppretta, var så dårleg at heile prosessen må opp på ny.

Leif Inge Underdal og Edvin Flåm

Forarga: Leif Inge Undredal og Edvin Flåm diskuterer på lokalbutikken i Underdal. Dei meiner det bør vere lik behandling av alle grunneigarane rundt Nærøyfjorden.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Informasjonen vi fekk har vore mangelfull i høgste grad, seier Leif Inge Undredal som representerer ein del av grunneigarane i Undredal i Aurland til NRK.no.

Det er Bergens Tidende som i dag skriv om korleis erstatningsutbetalingane etter opprettinga av Nærøyfjorden landskapsvernområde i 2002 har sett sinna i kok. Før jul vart det kjent at 33 grunneigarar har fått erstatning, medan fleire titals andre ikkje har fått kompensasjon frå staten.

Erstatningane har grunneigarane fått fordi dei har tapt moglege inntekter av skogbruk i området.

Utydeleg informasjon

Grunneigar Leif Inge Undredal seier til NRK at informasjonen om erstatningane var uklar.

– Det meste av det gjekk på at moglegheitene for å få erstatning var veldig små, og at kostnadane for å få det, fordi ein måtte engasjere advokat, verka å bli ganske høge, seier Undredal.

Undredalen mot hovudvegen

Verna: Undredal oppover mot hovudvegen.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Han seier mange ikkje var klar over at dei kunne søke erstatning, medan andre frykta kostnadane med ein søknadsprosess ville bli større enn sjølve erstatninga. Då det i desember vart klart at fleire av dei som søkte erstatning, fekk over ein million kroner frå staten, vaks frustrasjonen i Undredal.

– Alle grunneigarane er påført same konsekvensar av vernevedtaket. Då må det vere lik behandling av alle.

– Har de vore for sløve?

– Vi skal ikkje fråskrive oss alt ansvar. Men når staten køyrer ein prosess på erstatning i høve eit vedtak om å verne eit område, så bør det vere likt for alle. Då må dei køyre ein prosess der alle blir involvert, seier han.

Grunneigarane skal ha fått informasjon

Olav Nord-Varhaug i Miljødirektoratet seier at alle grunneigarar skal ha fått beskjed om vernevedtaket og kva som er fristen for å krevje erstatning.

– Alle saker som har kome til oss har blitt handsama og grunneigarane det gjeld har fått erstatningar, seier Nord-Varhaug.

Olav Nord-Varhaug

Har informert: Olav Nord-Varhaug frå Miljødirektoratet seier grunneigarane har fått den informasjonen dei har krav på.

Foto: John Petter Reinertsen

– Har de gjort ein god nok jobb med å opplyse grunneigarar om moglegheitene for å søke erstatning når det viser seg at så mange ikkje har søkt?

– Det er fylkesmannen som har informert grunneigarane. Eg tør ikkje å svare for kva informasjon dei har fått, men dei skal ha fått vite det som trengst, seier han.

Kan søke om oppfriskingssak

Nord-Varhaug seier at om det skulle vere slik at nokon ikkje har fått den informasjonen dei skal, kan dei søkje om oppfriskingssak hos fylkesmannen, som så sender saka vidare til Miljødirektoratet med ei anbefaling.