NRK Meny
Normal

1.100 moh måtte avdelingsdirektøren på rumpa

Kring 160 deltakarar stilte på startstreken 1.314 meter over havet, då det 22. Kjeringi Open gjekk av stabelen laurdag. For andre året på rad var Sindre Hoff raskast av alle.

Nils Magne Slinde filma nedfarten under fjelltelemarkdelen av Kjeringi Open 2014.

SJÅ VIDEO: Nils Magne Slinde filma nedfarten under fjelltelemarkdelen av Kjeringi Open 2014. (Foto: Nils Magne Slinde/Redigering: Oddleif Løset/NRK)

For andre året på rad var Sindre Hoff (Gaular) først i mål etter 43 minutt og 16 sekundar i løypa.

Mathilde Ilebrekke frå Sandefjord brukte 12 minutt og fire sekundar meir på dei fire etappane, og vart med det raskast av kvinnene.

Før start på Kjeringi Open 2014.

KLARE: Kring 160 deltakarar stilte på startstreken på Kjeringi Open si første etappe - ned Kjeringafjellet.

Foto: Roar Werner Vangsnes

– Vi hadde kring 160 startande, noko mindre enn tidlegare, men likevel eit fantastisk syn å sjå startløare deltakarar fordelt på tre rader på toppen av Kjeringafjellet, gliser Roar Werner Vangsnes i arrangørstaben.

Opp mot 100 km/t

Deltakarane konkurrerer i fjelltelemark, langrenn, løp og sykkel i det arrangørane kallar for «Vaorens vidlaste eventyr».

Villast og mest actionfylt er nok dei vel 800 høgdemeterane deltakarane legg bak seg over dei åtte kilometerane på ski ned Kjeringafjellet. Dei raskaste gjer dette på sju kring sju minuttar.

– Dei beste ligg jamt på 60/70 km/t ned fjellet, men på det brattaste henget kjenner eg til målingar på 100 km/t, fortel Vangsnes.

Bratt heng

Henget har ei helling på kring 35 grader på det brattaste. Av omsyn til tryggleik får ikkje løparane køyre rett ned dette henget.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kjeringi Open 2014

BRATT: Folk i alle retningar ned eit heng som er langt brattare enn det ser ut.

Foto: Roar Werner Vangsnes

– Det er godt preparerte løyper og ei strålande oppleving å suse ned fjellet med snøen som smeltar kring deg. Spesielt når vêret er så flott som det var i dag, smiler Vangsnes.

Nils Magne Slinde

DIREKTØR: Nils Magne Slinde, er avdelingsdirektør i Statens vegvesen.

Foto: Roar Werner Vangsnes

Det seier avdelingsdirektør Nils Magne Slinde i Statens vegvesen seg samd i. Etaten har arrangementet på Leikanger som eitt av dei tilsette sine velferdsprosjekt. Dermed plar dei også vere godt representert på Kjeringi Open.

Filma turen

Slinde køyrde med både hjelmkamera og ein ryggsekk som blir sendt landet rundt for å markere etaten sitt 150-årsjubileum. Sekken skal innom og få «oppleve» litt frå dei stadar vi har tilsette. Det følgjer med både bok og mobil vi skal ta bilete med for dokumentasjon.

– Tilfeldigvis skulle den forbi Leikanger denne helga, før den skal til Buskerud, så vi tykte det var passande å ta den med på Kjeringi Open, smiler Slinde.

Eit lite utdrag frå filmen kan du sjå øvst i artikkelen. Slinde var blant fleire som måtte på «rumpa» i det brattaste henget, slik at kameraet kom ut av stille.

– Men det gjekk bra i fallet, humrar Slinde.

Stemningsbilete frå Hanahug

MÅL: Stemningsbilete frå målområdet ved Hanahug.

Foto: Roar Werner Vangsnes
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser