Hopp til innhold

Krampa tok Sindre sitt rekordforsøk

Folk gjekk mann av huse for å få med seg Sindre Rørstadbotnen sine tunge EM-løft. – Nakkehåra reiste seg allereie under defileringa, seier naustedølen.

Sindre Rørstadbotnen prøvde å toppe EM på heimebane med å støyte norsk rekord med 191 kilo på vektstanga.

KYSSET: Sindre Rørstadbotnen kyssa vektene etter rekordforsøket i støyt. (FOTO: TONE LIN STØFRING SKOVRO/NRK)

Sindre Rørstadbotnen noterte seg for 142 kilo i rykk og 183 kilo i støyt. Det gjorde han til beste støytar og nest beste totalt i C-puljen.

Naustedølen prøvde seg også på 191 kilo og norsk rekord i støyt. Men gleppa.

– Dette var berre heilt rått, sjølv om det var litt bittert å gleppe på støyten. Men det var herleg å bevise at det var rett å ta meg ut til EM, seier han.

Rekordpublikum

Sindre Rørstadbotnen under EM

NØGD: Med personleg rekord og stinn brakke på heimebane vart det ein emosjonell kveld for Sindre Rørstadbotnen i Førdehuset.

Foto: Trygve Duun / Norges Vektløfterforbund

Det var elektrisk stemning då C-puljen i 105 kilosklassen entra podiet. I alt 1 200 publikumarar hadde teke turen til Førdehuset.

Aldri før har så mange følgt C-puljen i eit EM. Publikum vart fleire gonger bedne om å setje seg tettare.

– Eg var mentalt budd på at det ville vere mykje publikum, og høyrde på musikk for å sleppe å bli minna på det. Eg føler eg takla det veldig bra, seier han.

Sette stemnepers

Medan ein kunne høyre ei knappenål falle under løfta til Rørstadbotnen, vart han møtt med ellevill jubel og trampeklapp både før og etter. 142 kilo i tredje og siste rykk er stemnepers for 23-åringen som på trening har rykka tre kilo meir.

Sindre Rørstadbotnen støytte 183 kilo under EM i vektløfting på heimebane.

SJÅ VIDEO: Støytet på 183 kilo gjekk greitt for Sindre Rørstadbotnen. (FOTO: TONE LIN STØFRING SKOVRO/NRK)

– Eg stod litt ilt på tåa på 142. Likevel gjekk greitt opp. Eg hadde meir inne, seier han.

Rekordforsøket i støyt forsvann med krampa.

– Eg fekk rett og slett krampe i hofte, lår og rygg under oppvarminga. Men herregud. Eg har tre godkjende rykk, to godkjende støyt og det var full sal her. Dette var heilt prima, seier Rørstadbotnen som nesten var på gråten då C-puljen var over.

Takkar familien

Naustedølen nytta høve til å rette nokre velvalde ord til det rekordstore publikumet:

– Eg vil berre seie tusen takk. Eg har jobba for dette i fire år. Det vart akkurat slik eg håpa på.

Sindre Rørstadbotnen støytar 181 kilo.

TUNGT: Sindre Rørstadbotnen fekk opp 183 kilo i støyt. – Diverre fekk eg tidleg krampe, seier han om gleppen på 191 kilo.

Foto: Tryggve Duun / Norges Vektløftarforbund

Rørstadbotnen vedgår at det vart ein emosjonell kveld i Førdehuset. Vegen fram til EM har vore både lang og hard. Og han veit kven han skal takke:

– Det er veldig ilt og mykje opp- og nedturar. Rundt nyttår i fjor sleit eg med motivasjonen og bestemte meg for at det var alt eller ingenting. Men familien og kjærasten min gjer alt dei kan for å støtte opp. Og når det blir ein slik trykk som i dag, då blir det emosjonelt.