Hopp til innhold

Sindre (22) tykkjer det er heilt greitt å gå glipp av påskekos

Medan familien kosar seg i påskefjellet og kompisane feirar med sterkare saker, «bit» EM-klare Sindre Rørstadbotnen (22) i vektstengene. – Det kostar meg ingenting, seier han.

Sindre Rørstadbotnen

TRENAR: Sindre Rørstadbotnen går litt andre turar enn oss andre i påska. Møter han bratte bakkar, så er turen over. Sjølv om kjærasten er med. – Ja, då snur vi og går heim. Eg kan ikkje få syre i muskulaturen, seier han.

Foto: Rune Fossum / NRK

Vektløftaren har så som så med tid til påskekos medan han førebur seg til sitt første senior-EM like over påske.

Minimum fire timar kvar dag ventar tunge løft og førebuing til meisterskapen.

– Det går veldig bra for tida, så då kostar det meg lite å stå over mykje av det alle andre driver med i påska, seier Sindre Rørstadbotnen.

– Lett å ofre

For familien hans ventar hyttekos i kveld. Kompisar reiser truleg på fest. Sjølv blir 22-åringen i Naustdalshallen for å «bite i vekter», som han sjølv seier det.

Det kostar Rørstadbotnen lite. Årsaka er det som startar i Tbilisi 9. april.

– Jo betre det går, jo lettare er det å ofre og satse. Hadde eg følt at eg ikkje kom nokon veg, så hadde det vore tungt, seier han og legg til:

– Men eg og kjærasten prøver å flette inn litt påskekos. Det er viktig å ikkje sperre seg sjølv heilt inne.

Sette ny personleg rekord

Rørstadbotnen har allereie hausta av prioriteringa. Tysdag støytte han 180 kilo. Fem kilo meir enn han tidlegare har støytt på trening – og eitt kilo meir enn på stemne.

Videoen gjekk rett på Instagram:

I rykk har han ligge jamt på 140 kilo. 22-åringen håpar å setje personleg rekord i kveld.

– Vanlegvis plar ein vere på botn tredje veka før eit stemne. Då er kroppen sirup. Når ein likevel klarer å perse, så er det ein indikasjon på noko godt, seier han.

Siktar mot VM-kravet

Meisterskapen i Georgia like over påske er ein draum som går i oppfylling. Som liten sat han heime i stova og såg på TV-sendingane frå EM. No er han sjølv ein av deltakarane.

– Det er stort. Og vi er berre to norske som er kvalifiserte, seier han og har allereie sett seg mål. Som førstereisgut til eit senior-EM er må plasseringa spele andrefiolin.

Hovudmålet heiter Texas, Houston, og skjer i november.

– Planen er å få med seg mest mogleg kilo. «Indre meg» vil ta kravet til senior-VM. Då må eg opp i 145 kilo i rykk og 185 kilo i støyt, seier han.

– Er det innan rekkevidd?

– Slik kroppen min er no, så er eg ikkje i tvil om det er fullt mogleg. Eg hadde vektene inne under NM.