Hopp til innhold

Sindre (14) er nettkjendis

Sindre Rørstadbotnen (14) frå Naustdal svima av under NM i vektløfting i fjor haust. No har ein video frå hendinga gått verda rundt - på Internett.

Skjermbilete frå Dagbladet
Foto: Faksimile Dagbladet.no TV

- Det er kjekt å verte kjendis, men eg skjønar ikkje heilt kva som er så spesielt med denne filmen, seier vektløftar Sindre Rørstadbotnen.

115.000 visningar

Videoen av Sindre  har i løpet av ein månad hatt over 115.000 visningar på nettstaden YouTube. Berre i løpet av torsdag har videoen klatra seg opp blant dei ti mest sette videoane på Dagbladet si nett-tv teneste.

Under løftet som er filma får Rørstadbotnen vektstanga for langt bakover under eit vektløftarstemne. Stanga pressar dermed mot pulsåra i halsen og 14-åringen besvimer og går i bakken.

Uhellet vart filma av ein lagleiar og lagt ut på nettet ved hjelp av ein kamerat. 

Har fått e-post frå heile verda

Sindre sjølv er overraska over responsen, og forstår ikkje heilt kva som er så spesielt med videoen av han.

- Folk frå heile verda har kontakta meg. Eg forstår ikkje heilt kva alle skriv, men dei lurer som oftast på om eg skada meg hardt, og korleis det går med meg. Og så seier dei at eg må stå på vidare.

Men det er ikkje alle som er like positive.

- Det er jo òg nokon som lurar på om eg er heilt skrudd, og kvifor eg fall bakover.

Redd for å skremme folk

Sindre tykkjer det berre er positivt at videoen har vorte så populær, men er redd for å kanskje skremme potensielle vektløftarar vekk frå å prøve.