Hopp til innhold

Simon og faren ute av kyrkjeasyl

Simon (9) og faren leverte asylsøknad i Oslo i går.

Simon (9) og faren Fkadu Thaye

UTE: Simon (9) og faren Fkadu Thaye er ute av kyrkjeasyl. Biletet er frå asylmottaket Tanum i Bærum.

Foto: Anita Uberoi / NRK

– Dei snakka med politiets utlendingseining i går, og det vart levert inn ein søknad om opphald i Norge, seier advokat Roland Kjeldahl.

Simon

OSLO: Simon er på Tanum asylmottak i Oslo.

Foto: Anita Uberoi / NRK

Reiste til Oslo

– Vi meiner UDI må ta omsyn til dei sterke humanitære omsyna i denne saka. UDI kan vurderer saka med utgangspunkt i dette, seier Kjeldahl.

Simon og Fkadu Thaye reiste med nattbussen til Oslo, og kom til hovudstaden torsdag morgon - midt i Obama-rushet der det krydde av politifolk. Der hadde dei møte med politiet.

Etter møtet reiste dei to til asylmottaket Tanum i Bærum.

Mykje engasjement

Saka har fått mykje oppsikt i landet, og mange har engasjert seg. Tidlegare statsråd Heidi Grande Røys (SV) tok bladet frå munnen og krevde at Simon og faren skulle få bli.

Også Per Sandberg (Frp), leiar i justiskomiteen, har engasjert seg, og sådd tvil til om Fkadu Thaye har snakka sant .

Tidlegare i år vart dei to asylsøkjarane sendt ut av landet og tilbake til Italia der dei kom først. Dei budde i Florø i over eitt og eit halvt år før dei vart sendt ut.

I Italia skal dei ha budd ute under open himmel i 80 dagar, før dei kom attende til Norge på ulovleg vi i november.

(Saka held fram under biletet.)

Simon-markering Florø kyrkje

ENGASJEMENT: Mange har engasjert seg i saka. Tidlegare i vinter var det fakkelaksjon utanfor Florø kyrkje der dei to har søkt asyl.

Foto: Simon F. Solheim / NRK

– Tilbake til Florø

Ifølgje Roland skal dei Simon og Fkadu på Tanum nokre dagar før dei, etter planen, skal attende til Florø. Men då skal dei ikkje bu i kyrkjeasyl, men på asylmottaket.

– Eg ryddar kyrkja i dag. Eg skal ta ut tinga deira og gjøre reint, seier Kåre Leif Hollevik, leiar i aksjonsgruppa for dei to.

Hollevik fortel at han håpar UDI no vil realitetsbehandle søknaden i Norge, og ikkje bruke Dublin II-konvensjonen som argument for å få dei to ut av landet.

– Vi håpar dette vil ordne seg, seier Hollevik.

Video nsps_upload_2009_11_23_17_23_48_1056.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.