NRK Meny
Normal

Simon og faren i kyrkjeasyl

I ettermiddag gjekk ni år gamle Simon og faren hans Fkade Thaye i kyrkjeasyl i Florø.

Simon (9) og Fkadu i Florø kyrkje
Foto: Simon Solheim / NRK

Simon Fkadu og Fkade Thaye

I KYRKJA: Simon og faren Fkade Thaye i kyrkjeasyl.

Foto: Simon F. Solheim / NRK

Etter 80 svært vanskelege dagar som asylsøkjarar i Italia valgte Fkade Thaye å ta med seg sonen sin Simon og reise tilbake til Florø der dei budde før dei vart kasta ut.

Flaug frå Italia

Det er vanskeleg å finne ut for NRK Sogn og Fjordane korleis turen tilbake til Norge var. Men det vi får ut av Fkade er at dei flaug med fly frå Italia til Sverige.

– Deretter sette vi oss på toget til Oslo også tok vi bussen til Florø, fortel Fkade.

Korleis dei kryssa grenseovergangane utan gyldig pass er enno ikkje kjent.

Glad

– Eg er så glad for å vere tilbake i Florø, seier Simon på telefon fem minutt etter at han og pappa gjekk inn døra i kyrkja i Florø.

– Det er vanskeleg å setje ord på korleis det har vore å vere i Italia så lenge, men eg kan seie at det var svært godt å kome attende til Florø, seier Fkade.

LES ÒG: Nytt avslag for Simon

LES ÒG: Aksjonerte for Simon (9)

(Saka held fram under)

Video nsps_upload_2009_9_10_18_47_7_1284.jpg

Uvisst kva som skjer

Dei to gjekk inn i kyrkja i ettermiddag og vil vere der.

– Vi ber instendig om at UNE, UDI og andre som kan hjelpe oss med opphaldsløyve ser på saka vår endå ein gong. Vi kan ikkje reise tilbake til Italia. Det einaste vi vil er å vere i Norge og i Florø, seier Fkade.

Dei får støtte av mangeårig ven og ein av dei som har kjempa hardt for at dei to skulle returnere til Florø, Kåre Leif Hollevik. Han er svært rørt og glad for å sjå dei to igjen.

– Det var flott å kunne gje dei ein klem igjen, og sjå dei, seier han.

Eg er så glad for å vere tilbake i Florø.

Simon Fkadu

Aksjonerer i morgon

I morgon vil det vere ein aksjon både i Oslo og i Florø for niåringen og faren hans.

– Vi reiser til Oslo i morgon tidleg, og vil ha ei markering av saka utanfor Stortinget saman med fleire grupper som støttar oss. Vi har invitert barneombodet og politikarar til å kome, forklarar Hollevik.