Hopp til innhold

Simon (10) blir kasta ut igjen

Dei eritreiske flyktningane Simon og faren Fkadu Tshaye blir på nytt kasta ut av Norge i dag.

Simon (9) og faren Fkadu Thaye

Simon og faren Fkadu Tshaye blir sende ut av landet.

Foto: Anita Uberoi / NRK

Dei to får ikkje behandla asylsøknaden sin i Norge og blir sende ut av landet i føremiddag, fortel Kåre Leif Hollevik.

- Politiet har kome i leiligheita til Simon og faren og gjeve beskjed om at dei skal ut av landet. Akkurat no held dei på å pakke tinga sine. Dei skal reise klokka 1010 ut av Florø med eit fly, fortel Hollevik.

Må vente på celle

- Er prosedyren slik som sist gang, så går turen direkte til ei celle på Gardermoen der dei, eit barn og ein pappa, blir oppbevart til dei blir sende ut av landet, legg Hollevik til.

Hollevik har engasjert seg sterkt i saka for at dei to eritreiske flyktningane skal få bli i Florø og Norge. Saka har også engasjert fleire i kystbyen. Dei to vart for første gang sende ut av landet i fjor haust. Etter eit opphald i periodar under open himmel i Bari, returnerte dei ulovleg til Norge og til kyrkjeasyl i Florø .

Samla dokumentasjon

Sjølv om Simon og Fkadu har fått avslag frå UDI på begjæringa om å utsette iverksettinga, er Hollevik overraska over utsendinga. Sentralt for UDI i vedtaket om å sende flyktningane ut av landet, har mellom anna vore at Fkadu ikkje skal ha teke kontakt med italienske styresmakter for å få hjelp.

Hollevik har dei siste dagane fått dokumentasjon frå italienske styresmakter på at dei søkte om hjelp, utan å få det.

Fekk TV-opptak

- Vi har også fått oversendt ein film frå italiensk TV som vart laga om flyktningsituasjonen i Italia i 2007, der faktisk pappaen til Simon vart intervjua på søppelplassen, seier han.

Dokumentasjonen er sendt til Utlendingsnemnda.

- I den samband tykkjer vi det er svært urovekkjande i ein rettsstat som Norge at rettsvernet til ein asylant, er så på lågmål, seier han.