Hopp til innhold

Har ikkje satsa sidan 2009 – no vil Steinar slette 35 år gamal krinsrekord

Sleggjekastaren Steinar Kleppe er tilbake. – Det er åtte år sidan eg burde kasta over 60 meter. Så gjer eg det endeleg no, gliser 26-åringen som no siktar seg inn på krinsrekorden.

Steinar Kleppe under Florø friidrettsfestival

I FORM: – 2009 var siste året eg prøvde å gjere noko ut av det. Siste åra har eg fokusert på familie og studie, seier Steinar Kleppe.

Foto: Rune Fossum / NRK

Steinar Kleppe var i mange år fylkets fremste sleggjekastar. Seks år etter at han meir eller mindre gjekk over til å bli hobbyutøvar, er han det framleis.

Og 26-åringen er betre enn nokosinne.

– Eg er blitt eldre og klokare, og trenar smartare enn eg gjorde før. Det er openbart til god hjelp, seier han.

Starta over nyttår

Floraværingen tok sølv i slegge under junior-NM i 2006 og i senior-NM året etter. Junior-NM i 2009 gav han medalje av edlaste valør, medan senior-NM i 2008 og 2009 begge enda med bronse.

Sølv vart det også i senior-NM 2011 på Byrkjelo. Men då var han allereie byrja å trappe ned. Sidan er han også blitt pappa.

– Eg har slengt meg med når eg har hatt lyst, og har gjerne trena ein-to månader før NM for å komme halvveges i form. I år starta eg like over nyttår og har ligge stabilt på fire-fem treningsøkter i veka, seier han.

Skifta klubb

Det sterke kystmiljøet lokka han til Gloppen FIL før sesongen. I april sletta han like godt Evald Osnes Devik sin lagrekord med eit kast på 59,37 meter.

Førre helg nådde han den magiske 60-metersgrensa for første gang under eit stemne i Bergen.

– Når eg først gjorde det, så klemte eg like godt til med nær to meter over streken også. No kan eg avslutte sleggekarrieren og vite at eg har kasta 60 meter. Men eg vil halde på nokre år til, gliser han.

Går for krinsrekorden

For no er det den 35 år gamle krinsrekorden til Ove Farsund som står for fall.

– Den bør bli min innan eitt år eller to, gliser Kleppe og legg til at NM er naturlege mål i åra som kjem.

Håpet er å kare til seg nokre nye NM-medaljar, men Kleppe innser at Eivind Henriksen blir vel hard å tukte. 24-åringen har den norske rekorden med 75,57 meter, og var berre fattige åtte centimeter frå OL-finalen i 2012.

– Han får berre kaste for seg sjølv og kose seg oppe i toppen. Så får resten av oss berre beundre han litt, gliser Kleppe.