Hopp til innhold

Siktar mot sin første verdscupsiger

For ein gongs skuld har Tarjei Bø hatt ei oppkøyring fram mot sesongen heilt utan problem.

Tarjei Bø

SATSAR TØFT: Tarjei Bø håpar på medalje i VM - og kanskje kan han ta sin første siger i verdscupen.

Foto: JAVIER SORIANO / AFP

- Eg har berre vore sjuk fire dagar, og det var i starten av august. Så då får vi sjå kva det held til, seier Tarjei Bø til strafferunden.no.

Har håp om VM-medalje

Ei oppkøyring utan problem er uvanleg til Tarjei Bø å vere. Skiskyttaren frå Stryn har vore svært utsett for sjukdom - og denne sommaren og hausten gjev difor grunn til optimisme.

- Målet er å ta min første verdscupsiger. Og eg har eit lite håp om individuell VM-medalje, seier han til nettstaden.

Sist sesong opplevde Bø eit førebels høgdepunkt i karrieren, då han saman med det norske stafettlaget gjekk inn til gull i OL.

Prøver seg i spesiallangrenn

I midten av november har Bø planar om å måle krefter mot lanrennseliten i opningsrenna på Beitostølen.

- Det har fungert så bra på trening, at eg har lyst til å vise meg frem der. Eg stiller for å gå fort, sjølv om eg ikkje tenkjer på å kvalifisere meg for verdscupen i langrenn. Men skulle eg få spørsmål om det, så stiller eg, seier han.

Sjølv satsar Bø på å kvalifisere seg til verdscupen i skiskyting gjennom eitt renn - den eine sprinten under opningshelga på Beitostølen.

Heng med dei beste på testløp

Førre sesong var Bø berre tre tidelar unna sigerspallen under verdscupsprinten i Pokljuka.

Han trur han er i ferd med å nærme seg dei beste endå meir denne sesongen.

- Eg føler eg har vore på lik linje med dei andre på hardøkter og testløp, seier Bø til strafferunden.no.