Forsvarar Høivik seier at 41-åringen vil krevje erstatning. - Han har etter lova krav på erstatning, seier han.
Sikta for mordbrann
Det var den niande desember at eit hus vart totalskada i brann i Florø. 37 år gamle Irene Johansen og den ni år gamle sonen kom seg aldri ut av det brennande huset. Få timar etter brannen vart eks-mannen henta av politiet, mistenkt og seinare sikta for mordbrann. Årsaka var at han ved gjentekne høve hadde truga henne på livet.
Fann ikkje spor etter ildpåsetjing
Men allereie få dagar seinare vart mannen sleppt fri, for politiet fann ikkje spor etter ildpåsetjing eller at mannen kunne knytast til brannstaden. Politistasjonssjef Nils Erik Eggen kan idag endeleg stadfeste at brannen starta i det elektriske anlegget i soveromsfløyen.
Politiet ventar no på den skriftlege rapporten frå Kripos for å kunne endeleg legge vekk siktinga mot mannen.
- Dette får høg prioritet og vil skje med det same vi får rapporten, seier Eggen.
- Altfor liten erstatning
Han har etter lova krav på erstatning, og forsvarar Høivik seier erstatningsbeløpet vil truleg vere inntil 100.000 kroner. Dette syns han er altfor lite.
- I vår sak er det er snakk om få døgn i varetekt, men med ei alvorleg sikting. Eg reknar med at det må brukast skjønn i dette tilfellet, seier han.