Hopp til innhold

Sikta nektar for valdtekt

Forsvarar hevdar det ikkje bevis for at ei valdtekt skal ha skjedd.

Politi etterforskar valdtekt i Førde

Politiet har arbeidd for å sikre spor etter at det tysdag kveld vart meldt om ei valdtekt i Førde sentrum.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det er ei veldig kjedeleg sak for alle involverte, uansett utfall, men det er ikkje enno bevist at det er ei valdtektssak, seier Stig Nybø, forsvararen til den sikta, til NRK.

Ifølge Nybø meiner den sikta at han ikkje har gjort noko gale.

– Han nektar for at det har vore noko valdtekt, seier Nybø.

Onsdag kveld vart det klart at politiet etterforskar ei valdtekt i Førde sentrum, som vart meld til politiet tysdag kveld. Både den sikta og den fornærma i saka er under 16 år gamle.

Lensmann i Førde og Naustdal, Dag Fiske, sa til NRK tidlegare i dag at politiet ikkje ser på saka som ei overfallsvaldtekt, og at det er ein relasjon mellom dei to involverte.

– Den sikta i saka sit i varetekt hjå politiet. Vi har framleis ikkje tatt stilling til om vedkommande skal framstillast for fengsling, sa Fiske.

Valdtekta som politiet no etterforskar skal ha skjedd mellom Førdehuset og Prestebakken barnehage, i Førde sentrum. Fiske fortel at politiet onsdag undersøkte åstaden og gjennomførte dei første avhøyra i saka.

Torsdag har politiet heldt fram med etterforskinga, med fleire avhøyr og undersøking av tekniske spor.