Forsvararen hans, Kim Erling Gerdts, meiner dette øydelegg levebrødet for langt fleire enn den sikta.
- Pengane som skal gå til løn til dei tilsette er beslaglagde. Den sikta er fortvila av at han ikkje får betalt løn til dei det gjeld, seier Gerdts.
Ein halv million sperra
Det er femten fast tilsette i verksemda den sikta driv. Men mellom 80 og 100 personar har vore sysselsette gjennom sesongarbeid. Skattefuten i Sogn og Fjordane har teke arrest i verksemda. Dei granskar mannen for momssvindel og mellom 500.000 og 600.000 kroner er sperra på konti i firmaet. Måndag skal momssaka opp i Fjordane tingrett.
To månader i varetekt
Måndag denne veka vart forretningsmannen frå Måløy sluppen ut frå varetektsfengsel etter to månadar inne. Han er sikta smugling av i alt ein halv million sigarettar. I tillegg til den hovudmistenkte Vågsøy-mannen er tre andre sikta i saka, medan ein er domfelt.
Svært dramatisk
Politiadvokat Ivar K. Iversen er ikkje tilgjengeleg for kommentar i dag, men forsvarar Gerdts seier politiet sin hovudmistenkte har opplevd siktinga svært dramatisk.
- Han har opplevd dette katastrofalt, sjølvsagt. Men han har etter råd frå meg valt å ikkje forklare seg no. Han vil forklare seg på eit seinare tidspunkt, etter at vi har gått gjennom dokumenta i saka, seier Gerdts.