Sikta i menneskehandelssaka i Fresvik blir ikkje varetektsfengsla

Den polske mannen som er sikta for menneskehandel i Fresvik blir ikkje varetektsfengsla. Bærplukkar Julia Galczynska er skuffa over at mannen no slepp ut.

Julia Galczynska i Fresvik i Sogn

SKUFFA: – Eg er veldig skuffa. Vi har kjempa hardt for at han skulle bli låst inne, seier Julia Galczynska.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Det har Gulating lagmannsrett bestemt i dag. I avgjerda står det mellom anna at: Lagmannsretten finn i likskap med tingretten at sikta ikkje med skjelling grunn kan mistenkast for å vere skuldig etter siktinga i brot av straffelovas paragraf 257, første ledd, bokstav b.

Paragraf 257 er paragrafen som viser til menneskehandel.

Bergen tingrett ville heller ikkje varetektsfengsle mannen, og difor anka politiet saka til lagmannsretten.

Mannen er skulda for å ha gitt polske arbeidarar dårleg løn og dårlege bu- og arbeidsforhold.

Skuffa

Julia Galczynska er ein av bærplukkarane som har stått fram og hevda arbeidsforholda på bæråkeren var langt unna det dei var blitt lova.

– Eg er veldig skuffa. Vi har kjempa hardt for at han skulle bli låst inne. Eg er bekymra for dei som er igjen i brakkene, og spent på kva som skjer vidare og korleis saka blir avslutta, seier ho til NRK via ein tolk.

Galczynska har fått ein polsk bistandsadvokat, medan tre andre bærplukkarar har norsk bistandsadvokat. Ho ventar på å bli avhøyrt av politiet, og seier dette skal skje måndag.

– Kva håpar du skjer vidare?

– Eg håpar vi får utbetalt pengane vi rettvist har tent opp, og som vi er lova i arbeidsavtalen. Eg håpar også siktinga mot mannen blir halden oppe og at han får den straffa han fortener med tanke kva han har gjort, seier ho.

– Letta og glad

Mannen sin advokat er glad for avgjerda.

– Han er letta og glad for å kome ut att. Å sitje i fengsel og vente på at lagmannsretten vurderer saka kan vere ganske tungt. Men no får han kome ut i løpet av ettermiddagen, seier advokat Anette Vangsnes Askevold til NRK.

Askevold reknar med at politiet vil halde fram etterforskinga, og seier ho også reknar med at det politiet finn vil styrkje saka til klienten hennar. Ho seier det er ei påkjenning for klienten å bli skulda for noko så alvorleg.

Anette Vangsnes Askevold

GLAD FOR AVGJERDA: - Han er letta og glad for å kome ut att. Å sitje i fengsel og vente på at lagmannsretten vurderer saka kan vere ganske tungt, seier advokat Anette Vangsnes Askevold til NRK.

Foto: NRK

– Eg har vore i kontant med folk i Fresvik og skjønt at han er velkomen der. Så det blir kanskje både vanskeleg, men også godt å kome tilbake, seier Askevold, som seier ho ikkje har vore i kontakt med bærplukkarane.

Advokaten meiner både tingretten og lagmannsretten har gjort grundige vurderingar.

– Dei har gått gjennom alt det politiet har lagt fram og det eg som forsvarar har henta inn. Dei har analysert dette å ein grundig og god måte og konkludert korrekt, seier Askevold.