Hopp til innhold

Sikta for valdtekt av tidlegare sambuar

Ein mann i 40-åra er varetektsfengsla i fire veker, sikta for å ha valdteke sin tidlegare sambuar.

Sogn og Fjordane tingrett

VARETEKTSFENGSLA: Mannen vart varetektsfengsla etter fengslingsmøte i Sogn og Fjordane Tingrett.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Ifølgje politiet skal mannen ha stått fram truande og brukt vald for å ha sex med ei kvinne han var på besøk hos på nyttårsaftan.

Den sikta sjølv meiner ifølgje forsvararen sin at han er sambuar med kvinna, men kvinna ikkje er ikkje einig i det. Kvinna meiner derimot at dei tidlegare har vore sambuarar, men no har vore igjennom eit samlivsbrot.

Mannen er norsk statsborgar, men påtalemakta fryktar likevel at han skal forlate landet, og det er grunnen til at dei argumenterte for fire veker varetektsfengsling. Mannen sjølv meinte ifølgje sin forsvarar at to veker var nok.

– Grunnen til at politiet hadde mistanke om at han skulle reise frå landet, er at han allereie hadde planlagt ein ferie då han vart arrestert, og han har fortalt om det i avhøyr med politiet, seier mannen sin forsvarar Johannes Hauge.