NRK Meny
Normal

Sat i soningskø - no er han varetektsfengsla

Medan sunnfjordingen venta på å få sone sin siste av ei lang rekkje dommar, vart mannen varetektsfengsla for nye lovbrot.

I midten av mars vart mannen i 30-åra dømd til fengsel i åtte månader for 21 lovbrot. Mellom desse var alvorlege truslar om å drepe og skyte.

Berre seks veker seinare vart han igjen henta av politiet. På nytt er mannen, som er mangeårig rusmisbrukar, sikta for truslar og narkotikalovbrot.

Venta på soning

Fjordane tingrett gav i slutten av førre veke politiet medhald i kravet om fire veker varetektsfengsling av mannen. Politiet meiner mannen har låg terskel for å gjere nye straffbare handlingar.

Det meinte også Fjordane tingrett då dei dømde mannen i mars for lovbrot som var gjort i prøvetida for dommen før der igjen.

– Dei siste domfellingane viser at det tvert imot har gått kort tid frå tiltalte vart sett fri frå fengsel, til han har gjort ny og alvorleg kriminalitet, skreiv tingretten då.

Avviser truslar

Den siste episoden skjedde på ein privat bustad der politiet meiner sunnfjordingen truga ein gjest med kniv. Mannen vedgjekk å ha vore sint, men avviste å ha vore trugande.

I staden hevda han å ha tatt kniven frå gjesten. Retten meiner at mannen forklarar seg ulikt om kniven, og at han står fram som lite konsekvent og lite truverdig.

Han vedgjekk å ha sagt til politiet at gjesten skulle «sprengast». Han skal også ha sagt til gjesten at «det eg skulle gjort, var å skyte deg, men eg held meg for god for det».

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast