NRK Meny
Normal

Sikta for hasjsal til Lillehammer

I dag vart ein drapssikta 29 år gamal mann varetektsfengsla i Oslo, han er også sikta for å ha solgt hasj til narkotikamiljøet på Lillehammer i 2014.

Drapssiktet utlevert til Norge

LANDA I GÅR: Den drapssikta vart utlevert frå Dubai til Noreg.

Foto: Helge Tvedten / NRK

Den store narkotikasaka på Lillehammer vart rulla opp våren 2013, og pågjekk til seinhausten 2014. Hundre personar vart sikta i saka, dei fleste ungdommar mellom 16 og 22 år. Sju menn vart tiltala i saka, og den antatte hovudmannen vart dømt til seks og eit halvt års fengsel.

Nyttige for bakmenn

Forsvar Øyvind Bergøy Pedersen, uttala den gongen at dei tiltala i narkotikasaken på Lillehammer var nyttige for bakmenn som nå lever i luksus i Dubai.

Aktor Jo Christian Jordet og forsvarer Øyvind Bergøy Pedersen i Sør-Gudbrandsdal tingrett

STATSADVOKAT Jo Christian Jordet var aktor i den store narkotikasaka på Lillehammer hausten 2014.

Foto: Monica Rikoll / NRK

29-åringen som nå er varetektsfengsla i fire veker, vart etterlyst internasjonalt av norsk politi, og vart pågripe i Dubai 1. september i fjor. Torsdag kom han til Noreg etter ein lang prosess for å få han utlevert frå Dei sameinte arabiske emirata.

Sikta for narkotikasal

Statsadvokat Jo Christian Jordet stadfestar at dette er same mann som tidlegare er sikta for å ha hatt ei sentral rolle i narkotikamiljøet på Lillehammer i 2013-2014.

Lillehammer-tiltalt i voldsomt gjengoppgjør

–Ja, han er sikta for å ha solgt hasj til det miljøet som fekk saka si avgjort i tingretten på Lillehammer hausten 2014, seier statsadvokat Jo Christian Jordet.

29-åringen møtte ikkje til fengslingsmøtet i dag, men han har gjeve samtykke til fire vekers varetektsfengsling, opplyser politiadvokat Tina Bjarkø Helleland i Oslo politidistrikt til NTB.

Politiadvokat Tina Bjarkø Helleland

Den 29-år gamle mannen har gjeve samtykke til fire vekers varetektsfengsling, opplyser politiadvokat Tina Bjarkø Helleland i Oslo politidistrikt

Foto: NRK

Vedkjenner seg ikkje narkotikasal

Mannens forsvarar, Ulrik Sverdrup-Thygeson, uttala til NRK i dag at hans klient nekta for å ha noko med lillehammersaka å gjere.

–Det vedkjenner han seg ikkje, seier Ulrik Sverdrup-Thygeson.

Mannen er sikta for overlagt drap og drapsforsøk eller for å ha medverka til desse forholda i samband med drap og drapsforsøk på Ensjø i Oslo i august 2012.

Den no drapssikta skal våren 2011 ha hatt eit føretak i Oslo, og er ein del av ein familie som blir knytt til omfattande kriminalitet.

Lillehammer-tiltalt i voldsomt gjengoppgjør

Omfattande sak

I den store narkotikasaka på Lillehammer vart fleire hundre familiar direkte involvert, og slektningar og foreldre vart utsette for alvorlege trugsmål.

Fleire foreldre lånte pengar, og ein far forklarte i retten at han betalte over ein million kroner i eit forsøk på å bli kvitt sonens narkogjeld.

No ventar statsadvokat Jo Christian Jordet på at politiet skal etterforske saka.

–No er det politiet som skal etterforske saka, og så får vi vente og sjå kva utfallet av etterforskinga blir, seier statsadvokat Jo Christian Jordet.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå