Hopp til innhold

Mann sikta for forsøk på mordbrann

FJORDANE TINGRETT (NRK): Ein mann i 30-åra er varetektsfengsla i fire veker etter at han skal ha forsøkt å tenne på eit husvære på Nordeide i Høyanger sist fredag. Det skal ha vore fem andre personar i huset då brannen starta.

Bustadbrann i Høyanger

MASSE RØYK: Brannvesenet i Høyanger rykte raskt ut til brannen sist fredag. Fleire familiar knytt til Høyanger mottak bur i det gamle leilegheitskomplekset på ferjekaia.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Mannen, som er asylsøkjar, blei pågripen av politiet måndag denne veka, mistenkt for å stå bak brannen det gamle kaihuset på Nordeide fredag.

I dag blei han framstilt for fengsling, og retten meiner at det er grunn til å mistenke mannen for forsøk på mordbrann.

Visste kvar brannen starta

Ifølgje avgjerda frå Fjordane tingrett skal mannen ikkje ha vore overraska over brannen, men skal ha uttalt at sikringsboksen brukte å vere varm.

– Sikta var på det tidspunktet ikkje orientert om at brannen hadde starta nettopp i rommet der sikringsboksen var, og i nærleiken av enn. Det er tale om eit hus med mange leilegheiter. Sikta knytte uoppfordra likevel brannen direkte til rett årestad, skriv tingretten.

Sa han ville øydeleggje

Vitne har forklart at mannen blei observert i det han drog frå bygget like før brannen blei oppdaga. Han skal også ha forklart til vitne to dagar før brannen at han ville øydeleggje eit rom i huset.

– Eit vitne har forklart om at sikta har truga med eldspåsetjing av ein bil berre dagar før brannen, skriv tingretten.

Brann i ein kommode

Brannen i det store murhuset på Nordeide ferjekai blei meld til alarmsentralen klokka 17.37 fredag ettermiddag, og var sløkt kort tid etter. Brannen skal ha starta i ein kommode.

Påtalemakta meiner det er fare for gjentaking, men tingretten meiner at mistanken mot mannen uansett er så sterk at han bør varetektsfengslast i fire veker medan politiet etterforskar saka.