Hopp til innhold

Mann frå Sogn og Fjordane sikta for å ha forgifta kompisen

Den omkomne vart funnen død på eit hotellrom i Oslo. Ein 29-åring frå Sogn og Fjordane er sikta for giftdrap.

cOMFORT hotel xpress

FUNNEN DØD: Søndag 17. juni vart ein mann i slutten av 30-åra funnen død på hotellet. No er bestevennen sikta for drap.

Foto: Øzgur Tufan / NRK

Drapet skal ha skjedd mellom fredag 15. juli og laurdag 16. juli, skriv Aftenposten.

Advokat for den sikta, Solveig Høgtun, seier til NRK at ho reagerer på at saka vert omtalt som eit giftdrap.

Blir karakterisert som eit giftdrap

– Det er snakk om heroin og at to kompisar har reist frå Sogn og Fjordane til Oslo og rusa seg saman, seier Høgtun.

Høgtun seier den sikta ikkje har noko med dødsfallet å gjere.

– Dette er eit tragisk overdosedødsfall. Min klient meiner han ikkje har noko ansvar eller medansvar for det.

Den avdøde vart funnen på hotell Comfort Xpress på Yongstorget i Oslo søndag 17. juli. Mannen var i slutten av 30-åra, opplyser politiet i ei pressemelding.

Fengsla i fire veker

Den sikta er ein 29 år gammal mann frå Sogn og Fjordane og skal ha seks dommar frå tingretten for vald, vinning og narkotikakriminalitet.

Advokaten seier det vil bli opp til politiet si gransking å finne ut kva som har skjedd.

– Klienten min meiner han ikkje har noko ansvar for drapet. Det vil bli opp til etterforskinga å avdekke det, seier Høgtun.

Var bestevenn

Medforsvarar Henrik Bliksrud seier den sikta tar skuldingane om drap tungt.

– Dei to var veldig gode venner, bestevenner. Det blir ekstra tungt å få skuldingar om å ha drepen vedkommande mot seg.

Han avviser at det skal ha vore noko form for usemje mellom dei to.

– Det er ikkje snakk om noko slikt, men eg kan ikkje kommentere omstenda meir, seier Bliksrud.

29-åringen vart framstilt for fengsling fredag føremiddag i Oslo tingrett, og mannen er varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøksforbod.