NRK Meny
Normal

Meiner mistanken er styrka mot brannsikta brør

Den tredje og siste av brørne sikta etter brannen på Selje Hotel vart i dag varetektsfengsla i ytterlegare to veker.

Selje hotell gjekk opp i flammar

TOTALSKADD: Selje hotell fekk store skader under brannen i slutten av november i fjor. Tre brør er sikta etter brannen.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Mannen i 30-åra samtykka til varetektsfengslinga.

Sjølv om mennene nektar straffskyld, meiner retten at mistanken mot dei tre ikkje er svekka gjennom etterforskinga. Snarare tvert imot.

Øydeleggje bevis

Magnus Engh Juel

AKTOR: Magnus Engh Juel bad om fengsling i ytterlegare to veker for den tredje og siste av brørne som er sikta etter brannen på Selje hotell.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Dei tre brørne vart pågripne og sikta 1. desember. Hotellet vart totalskadd i brann natt til 25. november. Dei tre er styreleiar og ein av eigarane. I tillegg er også dagleg leiar sikta etter brannen.

Politiet har sikta mennene for grovt skadeverk og grovt bedrageri, eller medverknad til det.

– Vi vurderer det slik at det er fare for at dei kan øydeleggje bevis, sa politiadvokat Magnus Engh Juel etter fengslingsmøtet før helga.

Får kontakte familie

Forsvarer Morten Furuholmen på kontoret sitt.

FORSVARAR: Advokat Morten Furuholmen representerer den sikta som vart varetektsfengsla i dag.

Foto: Caroline Drefvelin / NRK

Av praktiske årsaker vart fengslinga av den siste av brørne først gjennomført i dag. Han var også den einaste som samtykka til fengslinga. NRK har utan å lukkast prøvd å få kontakt med forsvararen hans, Morten Furuholmen.

Dei tre brørne blir underlag brev- og besøksforbod. Den eine av brørne får derimot rett til kontrollert kontakt med eit familiemedlem.

– Vi har hatt ei brei og intensiv etterforskingsfase, og har framleis ein god del att. Det står att ein del viktige avhøyr, sa Engh Juel før helga.

Vil konfrontere

Politiet fryktar at dei sikta vil øydeleggje bevis om dei blir sleppte fri. Engh Juel orienterte retten om at det er konkrete opplysningar som politiet ynskjer å konfrontere dei sikta med i avhøyr.

Etter det NRK kjenner til var varslingsanlegget av då brannen starta. Det kan skuldast teknisk feil, eller at anlegget var skrudd av. Branndørene skal også ha stått på vidt gap.

Politiet ser også nærare på pengetransaksjonar som vart gjort av eigarane før brannen .

– Politiet vil gjennomføre nye avhøyr av dei sikta. Dei har forklara seg tidlegare, men politiet ynskjer å høyre dei sikta si forklaring om det som har kome fram i etterforskingsarbeidet, seier Engh Juel.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.