NRK Meny
Normal

Sikta etter hotellbrannen ankar varetektsfengslinga

Dei sikta etter hotellbrannen i Selje ankar varetektsfengslinga til lagmannsretten.

Selje hotel i brann

DRAMATISK: 37 personar vart evakuerte då det byrja å brenne på Selje hotel natt til førre fredag.

Foto: Alvin Honningsvåg

– Eg startar papirarbeidet i morgon, så anken blir sendt måndag, seier advokat Paul Inge Angelshaug til NRK.

Uforståande til siktinga

Paul Inge Angelshaug

ANKAR: Advokat Paul Inge Angelshaug seier han vil anke Fjordane tingrett si avgjerd om å fengsle klienten hans etter brannen på Selje hotel.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Fredag vart klienten hans, og to andre menn varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøksforbod og full isolasjon i to veker etter brannen. Politiet har sikta dei tre for brannstifting eller medverknad til dette. Dei er også sikta for forsøk på forsikringssvindel.

To av dei sikta i saka er styreleiar og dagleg leiar av hotellet. Klienten til Angelshaug har inga formell eigarinteresse, men blir knytt til drifta av hotellet.

– For min klient spesielt er det naturleg å be om overprøving. Han er kjent med siktinga, men han stiller seg uforståande til siktinga, seier Angelshaug.

– Indisiebasert

Også advokat Ivar Blikra vil be Gulating lagmannsrett vurdere Fjordane tingrett si avgjerd.

Ivar Blikra

NEKTAR: Advokat Ivar Blikra seier klienten hans nektar for å ha gjort det han er sikta for.

Foto: Oddleif Løset / Nrk

– Eg held fast på at vi vurderer siktinga som indisiebasert og ikkje oppfyller kravet til sannsynsovervekt for at min klient har gjort det han er sikta for, seier han og held fast på at mannen vil samarbeide med politiet.

– Han har gjeve eit langt avhøyr og ynskjer på best mogleg måte å hjelpe politiet med å oppklare saka. Det betyr ikkje at det på noko måte er aktuelt å samtykke til varetektsfengsling.

Arresterte torsdag

– Eg meiner det ikkje er sannsynleggjort at min klient har noko med dette å gjere. Uansett, eg meiner fengsling i fire veker på desse vilkåra er for strengt, seier Per Kjetil Stautland, forsvarar for den siste sikta.

Dei tre mennene vart arresterte torsdag kveld, nesten ei veke etter den dramatiske brannen.

Politiet meinte tidleg å seie kvar brannen starta. Ifølgje TV2 skal det ha vore fleire arnestader og politiet skal ha funne fleire bensinkanner rundt hotellet.

Var ikkje i Selje

Politiet meiner brannen var økonomisk motivert. Siste åra har hotellet slite økonomisk, med sviktande omsetnad og aukande gjeld. Eigenkapitalen var negativ og aukande, nær seks millionar i 2015. Ifølgje Bergens Tidende starta også Skatteetaten tvangsinnkrevjing av ubetalte krav berre få dagar før brannen.

Etter det NRK kjenner til skal i alle fall to av mennene sagt at dei ikkje var i Selje dei næraste dagane før brannen. Vitne skal ha sagt at dei såg mennene i bygda få dagar før brannen.

Heile romfløya til hotellet gjekk med i brannen. I alt 37 naboar rundt hotellet vart evakuert.

Nye etterforskingssteg

Av omsyn til etterforskinga seier ikkje politiet noko om kva funn som er gjort. Dei vil heller ikkje seie om dei meiner fleire er involverte i saka.

I neste veke vil truleg Gulating lagmannsrett vurdere anken frå dei tre sikta.

– Samstundes ber eg politiet gjere konkrete etterforskingssteg opp mot min klient, seier Angelshaug utan å ville kommentere dette nærare.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.