Hopp til innhold

Takka nei til USA, Hellas og Kasakhstan – sa ja til Sogndal

Svenske Tom Söderberg (26) er klar for Sogndal Fotball. Den nær to meter høge midtstopparen er alt å døme klar til helgas bortemøte mot Strømsgodset.

Tom Söderberg

KLAR: Tom Söderberg, her i aksjon for Elfsborg, er klar Sogndal si kvite og svarte drakt.

Foto: ADAM IHSE / TT / TT NYHETSBYRÅN

Seint tysdag kveld stadfesta Tom Söderberg overfor gt.se at han er klar for Sogndal og norsk Tippeliga.

Den 26 år gamle Elfsborg-stopparen følgjer Kenneth Udjus, Christophe Psyché og Babacar Sarr inn dørene på Fosshaugane.

No må han kjempe mot nemnde Psyché, Bjørn Inge Utvik, Hannu Patronen for ein plass i midtforsvaret.

– Eg trur eg kan få mykje speletid her. Målet er å få kontrakt, seier han til avisa.

Spelte i Hellas

Svensken har ikkje spelt for Elfsborg sidan førre sesong. I mellomtida har han vore på utlån i greske Apollon Smirnis.

Sogndal har siste tida jakta erstattarar for Gustav Valsvik (Strømsgodset) og Azar Karadas (Brann). Først kom Psyché til Fosshaugane og sportsleg leiar i Sogndal Fotball, Håvard Flo, stadfesta i helga at han håpa å også få Söderberg klar til helgas bortekamp mot Strømsgodset.

– Han er ein spelar med bra erfaring, og ein midtstoppar som ruvar godt i landskapet både i lufta og på bakken. Han har fått gode skottsmål, sa Flo om den 1,99 meter høge midtstopparen.

Takka nei til USA

Söderberg seier til GT at han takkar nei til tilbod frå Hellas, USA og Kasakhstan. No gler han seg allereie til 16. august og bortemøtet mot Viking i Stavanger.

Frå han var seks til 12 år, både budde og spelte han fotball i oljebyen.

– Takk vere for at det finst noko så fantastisk som heiter Facebook, der eg har kontakt med barndomskameratane frå den tida. Eg håpar eg får treffe dei, seier han til avisa.