Hopp til innhold

Rekordmange ber om hjelp til julegåvene

GAUPNE (NRK): Aldri før har så mange foreldre teke kontakt for å søkje om julegåver til borna sine. Frivillige over heile landet merkar auka pågang rundt juletider.

Juleglede Luster 2019

ENGASJERTE: Anita Kjørlaug, Linda Goldmann og Trine Anita Systad på veg til helsestasjonen med postkassa der kommunens innbyggjarar kan søke om julegåver.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

– Det er ingen som skal føle skam for å rekke ut handa og seie at ein treng hjelp, seier Linda Goldmann i Luster Røde Kors.

Ho og to kollegaer er på veg til helsestasjonen med ei postkasse. I den kan innbyggarar i Luster legge igjen ein lapp og få ei juleglede frå kommunen i retur.

Skilnaden mellom dei som har mykje og lite er stor, seier kollega Trine Anita Systad.

Ordninga heiter Julegleder, og er finansiert av Gjensidigestiftelsen og Sogn og Fjordane Røde Kors. Nasjonalt får 13.000 barn delta på eit julegledearrangement eller får ei julegåve.

– Auka for kvart år

Anita Kjørlaug i Frivilligsentralen og Trine Anita Systad i Nav trur søkjartala i år kan bli enda høgare.

– Søkjartalet har auka for kvart år. Me trur og håpar at fleire av dei som treng det tek steget og søkjer om hjelp.

Bakteppet er dette: I november la Kirkens Bymisjons fram ein fattigdomsrapport som viser at mange born legg seg svoltne om kvelden, og at mange ikkje har råd til klede.

Bekymra for utviklinga

– Me ser med bekymring på at eit aukande talet på barn og unge veks opp i fattigdom, seier Øyvind Økland Stedal, som er programleiar for barn og unge i Røde Kors.

Han estimerer at dei når ut til 16.200 born berre i jula, og at Røde Kors aldri før har hatt så mange juleaktivitetar for familiar og born som i år.

Øyvind Stedal

UTFORDRANDE TID: Øyvind Stedal er programleiar for Barn og Unge i Røde Kors og seier jula kan vere utfordrande for fleire. – Det kan vere tungt for foreldre å ikkje få gitt barnet sitt gåva ein ønskjer å gi.

Foto: Olav A./Røde Kors SALTBONES / SALTBONES; Olav A./Røde Kors

– Er juletida vanskelegare enn andre tider på året for familiar med dårleg råd?

– I kvardagen er skulebenken ein sosialt utjamnande møtestad, der alle stiller likt og deltek på like vilkår. I feriar og høgtider vert skilnaden større, fortel Økland Stedal, og legg til:

– Det er ei stund til jul enda, men det er nok mange som allereie har byrje å grue seg litt.

Han meiner det er til ettertanke å sjå kva ønsker som vert meldt inn.

– Det er ikkje den nyaste iphonen. Det kan vere vottar, luer eller lange, varme, lange underbukser. Det er til ettertanke for oss som har mykje i jula, og som slit med å skulle finne den «perfekte» gåva til alle.

Tårer i auga

Tilbake i Luster i Sogn og Fjordane fortel Linda Goldmann at ho så langt er «overvelda over givargleda».

– Eg sit nesten med tårer i auga. I fjor hadde me personar som i staden for gåver til eigen bursdag, ønskte seg bidrag til Juleglede-ordninga.