Johannes Thingnes Bø kan ta sin første individuelle gullmedalje i senior-NM i dag

Johannes Thingnes Bø kan i dag sikre seg sitt første individuelle NM-gull blant seniorane. Han har startnummer 87 på normaldistansen på Voss.

Johannes Thingnes Bø

GULLFAVORITT: Johannes Thingnes Bø er mellom dei aller fremste favorittane på normaldistansen.

I alt 10 herreløparar og ei i dameklassen frå Sogn og Fjordane stiller til start på normaldistansen på Voss. Ann Kristin Aafedt Flatland står over denne distansen for å vere best mogeleg i form til sprinten fredag.

NM blir dei siste renna Flatland går på toppnivå.

Ann Kristin Aafedt Flatland

STÅR OVER: Ann Kristin Aafedt Flatland stiller ikkje på dagens øving på Voss.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Dermed blir unge Heidi Flo Bødal frå Stårheim den einaste utøvaren frå Sogn og Fjordane som stiller til start på 15-kilometeren. Det er start klokka 10.15, og Heidi går ut som nummer fire.

10 av 90 frå Sogn og Fjordane

Men i herreklassen er 10 av dei 90 på startlista på 20-kilometeren frå vårt fylke. Her er dei etter startnummer. Førstemann går ut klokka 11.30.

  • 7. Johan Eirik Meland, Markane
  • 15. Isak Flo Bødal, Stårheim
  • 20. Lasse Virkesdal, Vik
  • 22. Asbjørn Wold, Vik
  • 40. Joar Turvoll, Vik
  • 61. Ole Martin Erdal, Førde
  • 70. Jarle Midthjell Gjørven, Markane
  • 79. Håvard Gutubø Bogetveit, Førde
  • 87. Johannes Thingnes Bø, Markane

Tarjei Bø ville ha mellom favorittane dersom han hadde stilt til start, men han valde å stå over. Det same gjorde Emil Hegle Svendsen og ole Einar Bjørndalen.

Tittelforsvarar på stafett

NM på Voss held fram fredag med sprint. Laurdag er det fellesstart og søndag stafett, der Sogn og Fjordane er tittelforsvarar på herresida.