Torbjørn Dale i avdelingsrådet for ingeniør- og naturfag sa i dag tidleg at sjølv utan ein einaste student, ville fylkeskommunen og næringslivet finansiere studiet, og om ein fekk studentar ville det utløyse tilskot frå staten. Rektor Johs Taule kjøper ikkje utan vidare dette reknestykket.
- Det vil ikkje eg utan vidare gå god for. Vi har ein basiskostnad som må dekkjast inn, og vi må snakka med fylkeskommunen og bedriftsnettverket om dette.
Vil halde oppe fagmiljøet
Rektor Johs Taule.
Taule minner om at det ikkje var søkjarar til studiet sist år, og året før var det berre to. Han seier at det vil vere svært dårleg reklame for framtidige akvakulturstudier i fylket, om vi skulle bruke pengar på å oppretthalde eit studie utan studentar. Men det viktigaste i følgje Taule er likevel å halde oppe eit fagmiljø innanfor aquakultur.
- Vi må omstille oss slik at vi kan møte dei kompetanse- og forskningsbehov som akvakulturnæringa i Sogn og Fjordane har.