Normal

Sikra seg ettertrakta fotballtalent

Fotballklubben Sogndal har sikra seg Isak Scheel.

Isak Scheel

Isak Scheel har teikna toårskontrakt med Sogndal Fotball.

Foto: Jon-Michael Josefsen / Scanpix

Det var like før overgangsvindauget stengde at klubben fekk signaturen til det unge fotballtalentet.

– Både Tippe- og Adeccoklubbar ønska seg Sceel som kjem frå ungdomsavdelinga i Stabæk, skriv sogndalfotball.no.

Han har signert ein toårskontrakt med klubben.

– Isak er fødd i 1990 og er eit stort talent, og kan spele både på back- og midtstopparplasssen, seier Trond Fylling i Sogndal Fotball.

Fekk eit godt tilbod

Den siste tida har 19-åringen spelt på Hønefoss. Til NRK Sogn og Fjordane seier Scheel at han valgte Sogndal fordi han fekk eit godt tilbod.

- Eg har også høyrt at det skal vere ein bra klubb og at dei har bra spelarutvikling. Eg håper eg kan få mykje speletid slik at eg kan utvikle meg som spelar.

Flytter neste veke

Allereie palmelaurdag set han seg på flyet til Sogndal og han satser på å flytte i løpet av neste veke. Han veit enno ikkje om han får spele mot Ranheim på måndag.

- Det kan hende at eg får prøve meg, seier han.

I løpet av våren satser på å få seg ein jobb i tillegg til å spele fotball.

- Men til hausten skal eg studere ved høgskulen i Sogndal, seier han og legg til at han gler seg og at det blir spennande å flytte heimefrå.

Vegopning på Bergum i Førde kommune