Hopp til innhold

Ingen har vore på denne fjelltoppen før

I to år har Sigurd Nordeide-Felde planlagt å bli første menneske til å bestige fjelltoppen. Denne månaden klarte han det.

Sigurd Felde

FØRST I VERDA. Robert Caspersen og Sigurd Nordeide-Felde på toppen av Pawar Himal som dei har kalla Pawar Himal, Main summit.

Foto: Jørgen Aamot

– Pawar Himal er 6621 meter over havet. Det tok tid å akklimatisere seg så vi brukte i alt 13 dagar. Ti dagar på å akklimatisere oss ved å gå høgare og høgare. Dei tre siste dagane blei brukt til sjølve oppstiginga til fjelltoppen, seier Nordeide-Felde.

Pawar Himal

UTSIKT. På veg opp hadde dei utsikt til blant anna verdas åttande høgste fjell, Manaslu (8163 moh.)

Foto: Sigurd Nordeide-Felde / Privat

Etter seks veker i Nepal er fjellføraren trøytt, men glad. Den 7. november blei han, Robert Caspersen og Jørgen Aamot dei aller første menneska til å bestige toppen som ligg i massivet Pawar Himal.

Det var Fri Flyt som først melde saka om dei sju rekordsetjarane.

– Det har vore ein tur av dei sjeldne. Det har ikkje heilt gått opp for meg at vi har vore dei første opp dit, seier 44-åringen frå bussen på veg i heim til Sogndal.

Sigurd Felde

HEIMTUR. Ein sliten fjellfarar på bussen heim til Sogndal.

Foto: Sigurd Nordeide-Felde / Privat

Nordeide-Felde hadde sin første bretur som 8-åring og har gjennom interessa si for natur og fjell stått på fleire toppar enn dei fleste. Då dei nådde Pawar Himall var det 25 minusgrader og ikkje tid for lange feiringa.

– Det var kaldt og vi måtte kome oss ned igjen. Det blei ein klem, eit bilete og ein ekstraordinær oppleving av ei flott utsikt før vi gjekk nedover.

På ein slik tur blir matinntaket redusert. Det handlar berre om å få i seg nok energi til å gjennomføre turen. Så no er han klar for å kome heim og ete akkurat det han vil.

– Det skal bli godt å kome heim til familien og ikkje minst sleppe å tenke på kva eg puttar i meg. I alle fall fram til neste tur, flirer han.

Ikkje berre for eigen vinning

Då han, Jørgen og Robert tok den endelege avgjerda om å reise til Nepal hadde dei lyst til å gjere nytte for seg på turen. I lag med Medical Aid Moutaineering, som driv med dugnadsbasert førstehjelp, bestemte dei seg for at dei ville gi førstehjelp på vegen mot fjelltoppen.

– I teamet vårt hadde vi med oss både ein lege, fysioterapeut og ein sjukepleiar. På denne måten kunne vi tilby førstehjelp til lokalbefolkninga i området på turen vår, fortel han.

Pawar Himal

Førstehjelp. Gjengen som besteig toppen var opptatt av å hjelpe lokalbefolkninga på vegen.

Foto: Jørgen Aamot

Det er mange som ikkje har kunnskap om grunnleggjande hygienereglar og førstehjelp og ved hjelp av enkle råd frå den vestlege verda kunne gjengen bidra med mykje.

– Vi gav ikkje komplisert førstehjelp, men enkelt i forhold til vestleg standard. Vi viste folk at ein for eksempel må reinse sår med reint vatn og bruke sterile gjenstandar ved fødslar, fortel han.

– Det er ein fin følelse at ein kan bidra med noko anna enn berre egodyrking, som ein slik tur på mange måtar er, avsluttar han.