Hopp til innhold

Sigrid frå Sandane går til ein toppserieklubb i sommar

Fotballspelaren Sigrid Heien Hansen (18) frå Sandane har tilbod frå toppserieklubbane Vålerenga og Arna Bjørnar.

Sigrid Heien Hansen

KLAR FOR TOPPSERIEN: Sigrid Heien Hansen (i blå drakt i kamp mot Kaupanger) hamnar anten i Vålerenga eller Arna Bjørnar.

Foto: Stig Høynes/haugenfotball.no

Når haustsesongen blir sparka i gang er ho toppseriespelar. Kva lag det blir på vil ho ikkje røpe enno.

– Det var eit vanskeleg val. Eg har bestemt meg, men eg har ikkje skrive kontrakt, og difor kan eg ikkje gå ut med det enno. Begge laga er gode.

– Klar for utfordringa

Sigrid spelar i dag i FK Fortuna Ålesund i 1. divisjon, og ho er klar over at det blir eit stort steg å ta når ho frå haustsesongen av skal kjempe seg til ein plass på eit toppserielag.

– Det blir utfordringar spesielt med tanke på fart. Alt må skje mykje raskare enn i 1. divisjon. Men eg er veldig klar for utfordringa.

Arna Bjørnar ligg akkurat no på fjerdeplass i toppserien, Vålerenga på niandeplass.

Sigrid Heien Hansen er også teken ut i J19-landslagstroppen som no skal førebu seg på EM på heimebane i sommar. Etter ein kamp mot Irland i Dublin 25. juni blir den endelege EM-troppen teken ut, og Sigrid har tru på at ho kan kome med.

– Eg må ha trua, eg håpar det iallfall. Det hadde vore ein draum om eg får oppleve det.

– Kan bli tidenes sommar

– Då dersom det blir EM-spel på deg, og du blir toppseriespelar, så kan vi seie at det blir ein spennande sommar for deg?

– Ja det kan bli tidenes sommar, eg gler meg.

J19-EM blir avvikla frå 15. juli til 27. juli. Kampane blir spelte i Sarpsborg, Tønsberg, Mjøndalen, Strømmen og på Jessheim. Finalen er på Ullevaal stadion 27. juli.

Sigrid Heien Hansen debuterte på J19-landslaget i oktober 2013, og i mars i år vart ho matchvinnar då Norge slo USA 1-0.