NRK Meny
Normal

Lagar TV-konsert med Sigrid Moldestad

Sigrid Moldestad har plukka fram nokre av sine sterkaste låtar frå si musikalske karriere når ho inviterer til intim TV-konsert på Åmot Operagard. Det er NRK Sogn og Fjordane og operagarden som saman arrangerer denne unike konserten.

Sigrid Moldestad

Sigrid Moldestad frå Breim i Gloppen har lagt bak seg ei spennande og variert karriere. No oppsummerer ho og spelar nokre av dei beste låtane frå sine fire album.

Foto: Magnus Skrede

NRK skal lage TV-produksjon av konserten, slik at det norske folk også skal få sjansen til å oppleve den seinare i år. Her får du kome tett på og oppleve Sigrid som den dyktige songaren, felespelaren og historieforteljaren ho er.

LES OG: Trillar seksarar for kjærleiksplate
LES OG: Moldestad-plate kåra til Årets album

Imponerande meldingar

Sidan solodebuten i 2007 har Sigrid Moldestad gjeve ut fire plater. Musikken har alltid hatt rot i folkemusikken heimafrå, men har fått nye liv gjennom historiene om felekvinna Samuline Seljeset, via Robert Burns på norsk, dikt, sjølvskrivne songar og slåttar, og no sist tekstar av diktaren Jan-Magnus Bruheim tonesett av Moldestad.

Meldingane for alle platene har vore imponerande gode; 5 og 6 på stort sett alt, spellemannspris for plata «Taus» og no sist heilt på topp når NRK sitt program «Norsk på Norsk» kåra «Årets Album».

Sigrid Moldestad i konsert

Sigrid Moldestad kjem med fullt band til intimkonserten på Åmot Operagard med musikarane Sigbjørn Apeland, Roald Kaldestad, Anders Bitustøyl, Anders Røine og Kåre Opheim.

Foto: Pressefoto

Drøymt om det lenge

Konserten vert arrangert i den restaurerte og stemningsfulle låven på Åmot Operagard i Bygstad.

Vi er stolte og glade for å få lov til å legge rammene rundt konserten med «Det beste frå Sigrid Moldestad.» Lenge har vi drøymt om denne moglegheita til å fylle operalåven med publikum for å møte noko av det beste Norge har å by på av artistar, seier Steinar Sørli ved Åmot Operagard.

Han seier dei som vil oppleve konserten i låven må vere raske, då det berre er i overkant av 100 tilgjengelege billettar til intimkonserten.

Steinar Sørli og Yngve Brakstad ved Åmot Operagard

Steinar Sørli og Yngve Brakstad ved Åmot Operagard blir vertskap for intimkonserten til Sigrid Moldestad og band.

Foto: Oddleiv Apneseth

Unik kveld på Åmot

–Sigrid er ein kjend folkemusikar med mange kvalitetar som vi ønskjer å syne fram for heile landet. Ho har fornya folkemusikken som gjer at ho appellerer til eit breit publikum. Og med den vakre ramma som operagarden vil gi konserten, er eg trygg på at dette vil verte ei fantastisk musikalsk oppleving, seier redaksjonssjef Roy Raasholm Fauske i NRK Sogn og Fjordane.

I påvente av nye musikalske prosjekt, er det no tid for Sigrid å samle trådane litt. Difor blir det ein unik kveld på Åmot Operagard torsdag 12. februar. Då spelar Sigrid Moldestad opp dei fleste sidene av karriera sålangt.

LES OGSÅ: - Dette er ein draum som har blitt verkeleg
LES OGSÅ: Sjå smakebitar frå KORK-konserten

Sigrid Moldestad har turnert med alle platene sine og skapt nye publikumsvener der ho har vore. Alltid med eit solid knippe musikarar bak seg. Til konserten på Åmot Operagard har ho med seg Sigbjørn Apeland, Roald Kaldestad, Anders Bitustøyl, Anders Røine og Kåre Opheim.

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy