Hopp til innhold

Signerte tidenes sponsoravtale

Sparebanken Vest og Sogndal Fotball er samde om ein ny treårsavtale.

Atle Stalheim og Egil B. Mundal

Regionbanksjef Atle Stalheim i Sparebanken Vest og Egil B. Mundal i Sogndal Fotball er begge nøgde med den nye avtalen.

Foto: Arve Uglum / NRK

Som hovudsponsor har Sparebanken Vest dei siste tre åra medverka med kring fem millionar kroner i året til fylkes flaggskip i herrefotball.

Under ein pressekonferanse søndag, vart det lovd endå meir pengar.

- Så vidt vi veit er dette den største profileringsavtalen i Sogn og Fjordane nokosinne, seier dagleg leiar Egil B. Mundal i Sogndal fotball.

- Viktig for satsinga

Samarbeidet omfattar toppfotball, talentutvikling og breiddefotball. Avtalen gjer det mogleg for klubben å kjempe i toppen av norsk fotball i åra som kjem, seier dagleg leiar Mundal.

- Klubben har dei siste åra bygd ut Fosshaugane Campus som eit kraftsenter for idrett, næringsliv, forsking og utdanning i Sogn og Fjordane. Samarbeidet med Sparebanken Vest gav oss eit løft, og den nye avtalen er viktig for den vidare sportslege satsinga og utviklinga av Fosshaugane Campus, seier han.

- Eliteserieavtale

- Mykje arbeid er gjort dei tre første åra, så vi treng ikkje gjere alt ein gong til dei neste tre. Det betyr at vi kan frigjere ressursar til litt andre ting, seier Mundal.

Regionbanksjef Atle Stalheim seier begge partar hadde sterkt ynskje om å forlenge sponsoravtalen som først vart inngått i 2008. Han ynskjer ikkje å kommentere beløp i avtalen.

- Dette er ein meget god Adeccoavtale. Dette er ein Eliteserieavtale, seier Stalheim. Om Sogndal skulle glippe på opprykket frå 1. divisjon, får ikkje noko å seie for storleiken på avtalen.