Hopp til innhold

Sigeren glapp på overtid for Sogndal

Sogndal såg lenge ut til å ha kjempa seg til ein 1–0 siger borte mot Kristiansund i dag. Men djupt inne på overtid utlikninga heimelaget. – Det var ein slagen gjeng i garderoben, seier trenar Eirik Bakke.

Eirik Bakke

SKUFFANDE, MEN: Trenar Eirik Bakke var skuffa etter kampen, men skryt over spelarane for ein solid gjennomført bortekamp.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Robin Shroot missa eit straffespark i 1. omgang, men etter 66. minutt gav Lars Christian Kjemhus Sogndal leiinga. Kjemhus-målet såg ut til å bli det einaste i kampen, men med kort tid att av tilleggstida utlikna Espen Næss Lund for Kristiansund.

– Det er alltid surt med slike utlikningar. Spesielt i dag fordi dei ikkje hadde nokre sjansar og me hadde bra kontroll. Surt, men slik er fotballen, summerer opp Sogndal-trenar Eirik Bakke etter kampen.

– Ein solid gjennomført bortekamp

Han vel å sjå på lyspunkta etter den triste førestillinga i tapet mot Levanger.

– Det var ein slagen gjeng i garderoben, men dei har ingenting å henge med hovudet for. Det var ein godt gjennomført bortekamp. Vi hadde fortent meir enn eitt poeng i dag, seier Bakke.

Han summerer opp kampen slik:

– Vi hadde bra kontroll på dei. Vi bomma på straffen og så fekk vi ein moglegheit i andre omgang og gjekk opp til 1–0. Vi vart litt trykka bakpå, men me rei av stormen. Så får dei ein moglegheit på slutten og klinkar opp alt dei har. Det blir klabb og babb i feltet, og så «bang» 1-1, seier Bakke og legg til:

– Å vunne 1–0 her oppe hadde vore eit flott resultat. No blir det litt skuffande, men det var ein solid gjennomført bortekamp.

– Vi skal kline til

Serieleiar Åsane spelte og uavgjort, medan Follo på plassen føre Sogndal tapte. Dermed er det framleis berre eitt poeng opp til teten. Det tenkjer Bakke lite på.

– Det er ein lang sesong. Kven som ligg rundt oss bryr eg meg veldig lite om. Det er kva vi gjer som tel. Tek vi nok poeng kjem vi til å vere i toppen.

No lovar han eit heiltent Sogndal i dei neste kampane.

– Vi var nære på å vinne, men det var ikkje heilt bra nok. Det må vi ta med oss i cupen på onsdag og Åsane til helga. Vi skal kline til i dei kampane, slik at vi får med oss to sigrar der. Då blir det bra, dette.

Laster innhold, vennligst vent..