NRK Meny
Normal

Sigeren glapp på overtid – nok ein gong

SOGNDAL-HØDD 1:0 (NRK): Det vart ein sur reprise på Fosshaugane i kveld. For andre gong på to kampar glapp sigeren på overtid for Sogndal.

Shroot startar mot Hødd

FÅR STARTE: Spissen Robin Shroot har vore benka med skade dei siste kampane. I kveld fekk han sjansen mot gamle lagkompisar i Hødd.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Sogndal er i flytsona og toppar tabellen i 1. divisjon suverent. På onsdag gjekk dei på eit surt poengtap mot Jerv, då bortelaget utlikna med ei praktscoring på overtid.

Mot Hødd fekk Sogndal igjen tøff motstand. Før kampen låg motsandarlaget på tredjeplass med 21 poeng, likt med Sandnes Ulf på andre.

For Sogndal skulle kampen på Fosshaugane bli ein trist reprise av det bitre poengtapet for berre tre dagar sidan.

Under kan du lese korleis kampen utvikla seg:

Laster innhold, vennligst vent..

Sogndal best i gong

Sogndal går rett i strupen på bortelaget. Etter tre minutt kjem Ulrik Flo åleine med keeper, men lobbar så vidt over tverrliggaren. To minutt seinare headar Opseth eit presist frispark frå Victor Grodås rett i stolpen.

Etter tretten minutt får Opseth vende opp inne i boksen. I staden for å skyte prøver han på ein håplaus pasning, som går ut til utspark.

Så kjem scoringa. Etter tretten minutt tek Robin Shroot ballen fint ned med brystkassa og fyrer avgårde eit utagbart skot forbi Ole-Monrad Alme i høddmålet.

Etter målet kjem bortelaget meir med i kampen. Sogndal ligg lågare i bana og satsar på kontringar. Etter 27 minutt kjem Hødd farleg frampå. Ole Amund Sveen skrur eit farleg skot like utanfor stolpen.

Ny stor sjanse til Shroot

Rett etter bryt Sogndal. Petter Strand spelar fri Robin Shroot, som på vakkert vis vender vekk motstandaren. Skotet bli meisterleg redda av keeper Alme.

Shroot nær ved å doble

KUNNE DOBLA: Berre ei feberredning hindra Robin Shroot frå å putte sitt andre mål for dagen etter 28 spelte minutt.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Etter sjokkstarten har Hødd heva seg og blir på ingen måte spelt ut. Men det er Sogndal som kjem til sjansane. Etter kvart som kampen går mot pause verkar det som heimelaget ønskjer å roe ned kampen og spelar ballen mykje fram og tilbake i eige forsvar.

Etter 40 minutt kjem likevel Ulrik Flo til ein god sjanse. Men det følsame skotet går like over det høgre krysset.

Laga går til pause med 1–0 leiing til Sogndal. Hødd må heve seg i andreomgang om dei skal greie å trenge gjennom eit kompakt sogndalforsvar. Samstundes er heimelaget farlege nesten kvar gong dei set fart framover.

Shroot startar som han byrja i første

Sogndal får to nye halvsjansar rett frå avspark. Først viser Shroot at han har sjølvtilliten i orden. Frå 35 meter prøver han ein frekk lobb, som går over og forbi ein utspelt høddkeeper, men ein eller to meter over tverrliggaren.

Deretter er Opseth på farten med eit småfarleg skot utanfor sekstenmeteren.

Etter femti minutt køyrer Shroot leikestove med venstrebacken til Hødd. Innlegget er godt, men berre Ulrik Flo er på plass i boksen.

Etter femtifire minutt får Hødd farlege sjansar etter to hjørnespark. Minuttet seinare får Magnus Waade Myklebust skyte frå sju meter, men han får mildt sagt ein smålunken treff på ballen og Hagerup i sogndalmålet fangar ballen lett.

Hødd med gedigen sjanse

I det sekstiande minutt får Shroot ein ny stor sjanse. Men skotet frå 11 meter går rett i blokka av hødd- og sogndalspelarar som sperrar målet fullstendig.

Deretter får Hødd ein gedigen sjanse til å utlikne. Kampuret har bikka 63 minutt når innbytar Torbjørn Kallevåg kjem fullstendig åleine med keeper. Offsidefella til Sogndal sviktar fullstendig, men sisteskansen Hagerup avverjar i siste liten. Stort nærare er det ikkje mogleg å kome.

Sjanserikt og underhaldande på Fosshaugane. I det 68. minutt er det midtstoppar Christophe Psyche som er nære på å doble leiinga etter ein corner. Headar frå to meter, men får ikkje nok kraft og Alme i høddmålet reddar enkelt.

Eit kvarter igjen av kampen og kampen har dabba betydeleg av i tempo. Sogndal held likevel fram med å komme til sjansar. Etter 76 minutt bankar Petter Strand av eit skot frå 18 meter, men keeper får fista til corner.

Shroot dominerer mot gamleklubben

Ti minutt før slutt kan vi konkludere med at Robin Shroot kjem til å få bestemannspremien.

Engelskmannen spelar med ro og overskot, scorar, driblar og finn medspelarane sine kvar gong. Har fått kritikk for å springe for lite, men Shroot har jobba godt utpå her i dag.

Nervøs stemning blant publikum på Fosshaugane fem minutt før slutt. Det verkar som om spelarane byrjar å merkar det tøffe kampprogrammet. Har mista trykket i presset og Hødd får lov til å spele ball. Luktar det utlikning på tampen, som i førre kamp?

I det 86 minutt kjem Hødd med ein farleg sjanse, men det harde skotet går eit par centimeter utanfor stolpen.

To minutt før slutt driblar Petter Strand seg gjennom, men er heit i toppen og skotet sklir av foten og utanfor mål.

Robin Shroot blir ikkje uventa kåra til kampens beste spelar av heimepublikummet. Like etter får Hødd det som kan bli siste sjanse til å utlikne. Ein stussa corner stryk tverrliggaren og ut til utspark.

92 minutt. Hødd utliknar ved Ole Amund Sveen. Dommaren bles av og eit nytt sviande poengtap for Sogndal er eit faktum.

Laster innhold, vennligst vent..
Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå