Hopp til innhold

Sidsel og Jonny har fått sin eigen tv-serie

I 20 år har Sidsel Sørebø (48) og Jonny Håvåg (43) vore ein del av bymiljøet i Førde. No har byoriginalane fått sin eigen nett-tv-serie.

Sidsel Sørebø og Jonny Håvold

ALLTID PÅ SYKKEL: Sidsel Sørebø og Jonny Håvåg i kjend stil på sykkel gjennom Førde. Sommar som vinter.

Foto: Espen Nyttingnes, fordeby.no

– Eg håpar vi kan setje søkelys på kva som er godt og gale i samfunnet, seier Sidsel Sørebø.

Dei fleste som er innom Førde sentrum frå tid til anna har truleg møtt på det syklande paret. Som regel med Sidsel først, og Jonny nokre meter bak. Gjerne på jakt etter tomflasker som sunnfjordingane har kasta frå seg.

Sidsel Sørebø og Jonny Håvold

UTFYLLER KVARANDRE: I 21 år har Sidsel Sørebø og Jonny Håvåg vore eit par. No vil dei vise fram korleis dei lever livet.

Foto: Espen Nyttingnes, fordeby.no

I dokumentarserien "Sidsel & Jonny - vårt Førde" følgjer nettstaden Fordeby.no dei to i kvardagen.

«Det er to flotte personlegdomar som er impulsive, uredde og hoppar i det meste.»

Espen Nyttingnes, filmskapar

– Dei byr på seg sjølv

– Tanken er å lage noko som er lokalt og bra, som ikkje er blitt laga før. Vi tok kontakt med Sidsel og Jonny, og dei var veldig interesserte i å stille opp. Dei har mange gode meiningar og har vist seg å vere gode intervjuobjekt, fortel Simon Vie.

Saman med fotograf og redigerar Espen Nyttingnes står han bak dokumentarserien som hadde nett-premiere på Youtube og Fordeby.no på julaftan.

– Det er to flotte personlegdomar som er impulsive, uredde og hoppar i det meste. Utfordringa er å få med seg alt på kamera, seier Nyttingnes driv si eiga medieverksemd og er medielærar ved Hafstad vidaregåande skule.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Espen Nyttingnes og Simon Vie

FILMSKAPARANE: Espen Nyttingnes (t.v.) har filma og redigert serien saman med Simon Vie.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Lokale kjendisar

Vie som jobbar på heiltid for fordeby.no er ikkje i tvil om at Sidsel og Jonny var dei rette karakterane for serien.

– Dei er godt profilerte frå før i Førde. Dei fleste veit kven dei er, på ein positiv måte. Vi tenkjer å ta opp aktuelle lokale samfunnstema. Dei har vist seg å ha utruleg mykje gode tankar om vanskelege tema som vanlege folk slit med. Alt frå forhold til økonomi, mobbing og baksnakking, seier Vie til NRK.no.

Fleire gonger har dei to stått fram i media for å peike på ting dei meiner er urett i samfunnet. Som i april i fjor, då Sidsel Sørebø stod fram i Firda og reagerte på lønna Førde kommune gav henne som reinhaldar. I fjor haust kunne Vestlandsrevyen sine sjåarar sjå Sørebø uttale seg om sykkelbyen Førde.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Jonny Håvold og Sidsel Sørebø

PREGAR BYEN: Sidsel og Jonny sine daglege rundar på jakt etter tomflasker er eit kjent syn i Førde.

Foto: Espen Nyttingnes, fordeby.no

«Eg håpar at folk vil behandle meg som eit vanleg menneske. At dei ikkje ser ned på meg.»

Jonny Håvåg

Vil ikkje bli sett ned på

For sambuarparet har openheit blitt ei hjartesak.

– Det er viktig å snakke om problema ein har. Alt for mange går bak ryggen og snakkar og er forbanna på alt. Det er betre å snakke om det, seier Sidsel Sørebø.

Jonny Håvåg håpar på si side at serien skal gi folk eit innblikk i hans og Sidsel sitt liv.

– Eg håpar at folk vil behandle meg som eit vanleg menneske. At dei ikkje ser ned på meg.

– Korleis er det å ha eit filmteam på slep?

– Det må ein nå berre bli vand med, ler Jonny.

– Eg synest det er kjekt, eg. Det er godt det er nokon som forstår oss, repliserer sambuaren.

Her kan du sjå ein smakebit frå serien (eksternt innhald):

«Det som gjer at vi går godt i hop, er at Jonny har problem med lesing, og eg har problem med matematikk. Så vi hjelper kvarandre.»

Sidsel om forholdet til Jonny

Episode 1: Om forhold

Første episode av serien vart publisert på nett julaftan. I det første programmet forhold.

Sjølv møttest dei to på den tidlegare utestaden Riverside i Førde i 1993.

– Eg var åleine og du var åleine. Så møttest vi og du vart forelska i meg, fortel Sidsel i den 13 minutt lange mini-dokumentaren.

– Den største feilen i dag er at folk giftar seg for tidleg, meiner Jonny.

– Dei kan ikkje vente til dei kjenner kvarandre. Ein må kjenne kvarandre på vondt og godt. Folk skal ha alt med ein gong. Dei skal ha hytte, bil og båt. Dei skal ikkje vente med å kjøpe litt etter litt.

Etter 21 år som par ser sambuarane ingen grunn til å gifte seg.

– Det som gjer at vi går godt i hop, er at Jonny har problem med lesing, og eg har problem med matematikk. Så vi hjelper kvarandre. Og vi hjelper kvarandre med husarbeid. Ein dag lagar Jonny mat, og ein dag lagar eg mat, seier Sidsel.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Jonny Håvåg og Sidsel Sørebø

VIL VERE EI RØYST: - Vi ønskjer å snakke om det mange tykkjer er vanskeleg, seier sambuarparet Jonny Håvåg og Sidsel Sørebø.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Får høyre at dei kranglar for mykje

48-åringen veit at mange i Førde har reagert på paret sin veremåte. At det ser ut som ho tek vel mykje styring.

– Det er mange som trur at eg blandar meg opp i Jonny-en, at eg styrer han. Men eg gjer ikkje det. Han har problem med å lese, så eg må fortelje. Vi kjeftar høgt på kvarandre og bannar, men så er vi vener att. Dette synest folk i Førde er veldig rart.

– Det har jo du fått mykje kjeft for, skyt Jonny inn.

– Eg bryr meg ikkje om det. Dei er misunnelege på oss, fordi vi klarar å vere i lag og har det bra. Det er greitt at vi kranglar høgt. Det forferdar folk i Førde at vi kranglar høgt, men vi blir fort venner igjen. Dei synest det er rart vi snakkar så høgt, men det er betre å snakke høgt. så er vi fort vener igjen, enn at vi går bak ryggen og snakkar. Det er det som gjer at vi held i lag, trur Sidsel.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Sidsel og Jonny som reporterar

INTERVJUAR SUNNFJORDINGANE: I serien får Sidsel og Jonny folk i tale om vanskelege tema.

Foto: Espen Nyttingnes, fordeby.no

Vil ha innspel til tema

Etter ha snakka om eige forhold, og med folk på gata om deira forhold i første episode, håpar dei å kunne setje søkelys på fleire tema som betyr noko for folk sin kvardag. Jonny er ikkje minst oppteken av kommunalt vedlikehald.

– På riksvegane blir måka og strødd, men når ein kjem på gangfelt og sykkelvegar, så er det ikkje måka, sukkar han.

Sidsel Sørebø pantar flasker

SPER PÅ INNTEKTA: Flaskepanten gir kjærkome supplement til uføretrygda og når Sidsel Sørebø får betalt for dagens fangst.

Foto: Espen Nyttingnes, fordeby.no

Dei to ser mykje dei har lyst å peike på. Tilbakemeldingane så langt har vore overveldande etter premiereepisoden som blir flittig delt på sosiale medier.

– Eg har fått tilbakemelding frå folk etter den første episoden, om at det er bra at de står fram. Det er viktig at folk kan komme til oss med ting dei meiner vi bør ta opp. Forslag om både godt og vondt, oppmodar Sidsel Sørebø.

Når neste episode er klar, er førebels uvisst.

– Eg torer ikkje seie noko dato. Det er litt dugnadsarbeid mellom mykje anna jobbing, men vi håpar at det blir ganske snart, seier filmskapar Espen Nyttingnes.

Her kan du sjå første episode av serien.

Fotografering på skywalken i Førde

SCENEVANDE: Det har alt gjort fleire hundre timars opptak til serien. Her frå skywalken mellom handelshusa i Førde.

Foto: Simon Vie, fordeby.no