Hopp til innhold

Kompisane felte vekeskvoten på ei lang natt

Hjortejegerane frå Stavanger køyrde ti timar i bil for årets høgdepunkt. Allereie etter første døgnet var kvoten for heile vekesopphaldet felt.

Jan Erik Spyker, Erik Tveiten og Jo Andre Johnsen

LANGT: Erik Tveiten, Jo Andre Johnsen og Jan Erik Spyker er for tredje året på hjortejakt i Byrkjelo. – Eg har i mange år køyrt langtransport forbi her og tenkt på at eg skulle jakta her. No står eg her, seier Spyker.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Likevel kan kameratane Jan Erik Spyker, Erik Tveiten og Jo Andre Johnsen sjå fram til fleire timar med hjortejakt.

– Eigentleg hadde vi kvote på dei tre dyra som vi har felt. Knut veldig fleksibel og grei, så vi har fått utvida kvoten vår, seier Spyker.

Hadde litt flaks

Knut Førde og Jan Erik Spyker

VANSKELEG: Jan Erik Spyker og Knut Førde er samde om at hjort er vanskeleg vilt å jakte på. Likevel er jakt lidenskap. – Det er utfordringar, naturopplevingar, kameratskap og så sjølvsagt kjøtet, seier Førde.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Jaktlaget leiger kvotar frå Knut Førde som sjølv leiger fire jaktterreng på Byrkjelo. Dei tre siste åra har siddisane teke turen dei nær 500 kilometerane frå Stavanger. I år fekk dei ein god start med tre hjort på 23 timar.

Johnsen vedgår at han måtte slite for å felle sine to dyr i måneskinet.

– Dei var store og raske. Eg måtte springe etter dei oppover bakkane her eit par hundre meter, samstundes måtte eg smyge så dei ikkje høyrde meg. Det var nok litt flaks blanda inn også då dei stogga på toppen så eg kunne leggje meg ned og felle dei, seier han.

– Spennande

Hjortekjøt

KJØT: Noko av kjøtet frå hjorten som Knut Førde skaut sjølv onsdag morgon.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

– Normalt er det dei som lurer oss. Dei veit å gøyme seg og kan fort leggje seg ned og berre liggje i skjul så ein går rett forbi dei. Det er jo det som gjer det så spennande, seier Johnsen.

Laget skal ut att i dag, og seinare i kveld.

– Så spørst det om vi har flaks igjen og får tatt eitt dyr eller to tidleg. Då må vi finne på noko anna resten av veka. Men det skal vi klare. Her er isbrear, flotte fiskeplassar og tettstader. Det er nok å sjå for å seie det slik, legg Spyker til.

– Ei fantastisk tid

Knut Førde

HEKTISK: Knut Førde trivast best når det måneskin. – Då tek ein timane om natta til jakt, og det blir lite søvn ein periode, seier han.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Hjortejakta er årets høgdepunkt også for vert Førde. Når andre byrjar å klage på nattefrosten, gler han seg til det som ventar mellom 1. september og veslejulaftan.

Det har skjedd at han har måtte sende heim jaktlag etter ubehagelege situasjonar. Dei hendingane er i fåtal.

– Hjortejakta betyr veldig mykje for meg. Så snart vi passerer nyttår byrjar eg å tenkje på hjortejakta att. Det er ei triveleg tid med trivelege gjestejegerar og mykje spennande jakt og opplevingar. Det er ei fantastisk tid, seier han.