Hopp til innhold

Stien er 600 meter lang og bygd av stein

I Jostedalen er sherpaer frå Nepal snart ferdig med ein ny imponerande sti.

Sherpaer byggjer sti til Styggevatnet

SNART FERDIG: Arbeidet vert no avslutta for vinteren, sjølv om noko står att før stien er heilt klar. Den offisielle opninga har likevel allereie vore.

Foto: Statkraft

Det er Statkraft som står bak stiprosjektet, som går opp til damanlegget ved Styggevatnet i Jostedalen.

Statkraft skal auke flaumavleiingskapasiteten til dammen og til neste år blir det mykje anleggstrafikk på vegen som går opp dit i dag.

Arbeidet omfattar utviding av eksisterande tunnel, sprenging av ny vassveg på totalt to hundre meter og bygging av ny betongterskel med overbygg.

Stien skal sikre tilkomsten for turfolket i anleggsperioden. Ikkje uvanleg er det sherpaer frå Nepal som har fått ansvaret for å bygginga.

Arbeidet vert avslutta i morgon.

Sherpane ved endnen av stien dei har bygd til Styggevatnet

LANGVEGSFRÅ: Steinarbeidarane frå Nepal ved endepunktet for stien: (frå venstre) Store Ang Tshering Sherpa, Fura Tashi Sherpa, Raju Magar, Kunga Tempe Sherpa og Vesle Ang Tshering Sherpa.

Foto: Statkraft
Styggevassdammen i Jostedalen

NYE KRAV: Hit opp går stien, til Styggevassdammen, med ein demning på 55 meter, som rommar 250 millionar kubikkmeter med vatn. Nye krav frå NVE gjer at dammen må byggast om.

Foto: Statkraft